08/01/2026
Viktig informasjon om energidrikk ⚡
Grunna nye reglar for sal av energidrikk har vi valt å fjerne Monster, NOCCO og Pre-Workout shots frå sortimentet vårt på treningssenteret.
Årsaka er at vi har ein ubemanna Vipps-kiosk, og difor ikkje kan sikre at aldersgrensene blir følgde slik regelverket krev.
Vi har gjort grundige vurderingar av ulike alternativ.
Eit mogleg alternativ ville vore å innføre 16 års aldersgrense på treningssenteret, men dette er ikkje noko vi ønskjer å gjennomføre. Vi vil at treningssenteret skal vere eit inkluderande og trygt tilbod – også for ungdom.
➡️ Energidrikk får du førebels kjøpt i kiosken på Granvin
💰 25 kr per stykk
🛑 Når vi har selt ut energidrikken vi har på lager, kjem vi ikkje til å selje meir – verken på Granvin eller på Sterke-Nils senteret.
Takk for forståinga 💙