Øvre Telemark begravelsesbyrå

Øvre Telemark begravelsesbyrå Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Øvre Telemark begravelsesbyrå, Begravelsestjeneste og kirkegård, Mosasida 215, Seljord.

Er du ansvarleg for ei grav der telehiv har velta gravminne? Treng du hjelp så ta kontakt.
25/03/2025

Er du ansvarleg for ei grav der telehiv har velta gravminne? Treng du hjelp så ta kontakt.

Oppussing av gravminne. Her er det gjenbruk av stein.
25/03/2025

Oppussing av gravminne. Her er det gjenbruk av stein.

12/03/2025

Ynskjer du vår- sommer eller heilårsavtale på gravstell? Bestiller du før 1.april så er du sikra avtale. Pris frå 1600.-, inkl blomar. Ta kontakt for avtale🌺

Call now to connect with business.

10/03/2025

Må vi bruke eit byrå?

Det er valfritt å bruke eit gravferdsbyrå.

Eit gravferdsbyrå kan hjelpe med mellom anna kiste, transport og stell av kroppen, bestille lokale med meir. De kan avtale kva de eventuelt ønsker å gjere sjølve, og kva de bestiller frå gravferdsbyrået.

Ver merksam på at gravferdsbyrå varierer i pris. Det er tilrådd å samanlikne fleire gravferdsbyrå før du gjer eit val.

Sjølv om du bruker eit gravferdsbyrå er du framleis sjølv ansvarleg for at den døde blir gravlagd eller kremert i tide.

Om du ikkje bruker eit gravferdsbyrå er du sjølv ansvarleg for å skaffe ei kiste, og å transportere den døde til gravplassen eller krematoriet.

Om du ønsker å gjere meir sjølv, kan du få hjelp hos gravplasstyresmakta i kommunen og eventuelt hos eit trus- og livssynssamfunn.
Har du fleire spørsmål? Me veiledar deg.

Call now to connect with business.

27/02/2025

Kor mykje tid har ein til å ordne ei gravferd?

Ei kiste må gravleggast før det har gått to veker frå dødsfallet. Her reknar dei 10 verkedagar.

Ei urne må gravleggast innan seks månader. Sjølve kremasjonen må skje innan to veker etter dødsfallet. Ynskjer ein askespredning må dette søkjast om hos Statsforvaltaren. Dette kan gravferdsbyrået hjelpe til med.

24/02/2025

Som byrå får me spørsmål rundt økonomi ved dødsfall og kven har ansvaret. Det er eit naturleg, men kanskje eit litt vanskeleg
spørsmål å spørre om, i ei slik stund.

Blir eg økonomisk ansvarleg når eg tek ansvar for gravferda?

Som ansvarleg for gravferda blir du økonomisk ansvarleg for utgifter knytte til denne.
Rekningar knytt til gravferdsseremonien, kan betalast frå kontoen til avdøde før skifteattesten er klar. Då treng banken ei formuesfullmakt, som blir utskriven av tingretten.
I nokre situasjonar kan det vera aktuelt å søkje om gravferdsstønad hos NAV. Stønaden skal bidra til å dekkja faktiske og nødvendige utgifter til gravferda. Stønaden er behovsprøvd.

21/02/2025

Det kan vera mange spørsmål som dukkar opp når nokon gjeng bort. Eit av dei er : Kva for ansvar, rettigheter og plikter har ein ved dødsfall?
Dei nærmaste pårørande har etter gravferdslova rett til å bestemme kva som skal skje med den døde, dersom ikkje avdøde i forkant har gjeve fullmakt til andre. Rekkefølgja for retten til å sørgje for gravferda er ikkje den samme som arverekkefølgja.
Ektefelle har fyrsterett til sørgje for gravferda ved dødsfall, uavhengig av om vedkommande har arverett. Finnes det ikkje ektefelle, partner eller samboer er det nærmaste etterlatte over 18 år i fylgjande rekkefølgje som har rett til dette: barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, søsken, søskenbarn og foreldres søsken.
I dei fleste tilfella samarbeider etterlatte om dei viktigaste avgjerslene. Dersom avdøde har uttrykt eller skrivd ned sine eigne ynskjer, vil det være naturleg å ta hensyn til dette i planlegginga. Dersom ikkje nære etterlatte blir einige om kven som skal ta ansvaret, avgjerast dette av kommunen. Kommunen avgjering er endeleg.
Dersom ingen av dei etterlatte kan- eller ynskjer -å ta ansvar for gravferda, har kommunen plikt til å sørgje for gravferda.
Har du fleire spørsmål rundt dette, ta kontakt, me hjelper deg.

15/02/2025
12/02/2025

Den som dekker utgiftene til ei gravferd, kan søke Nav om støtte til båretransport. Nav sine regler gjeldende båretransport er pr 1/1-25. «Båretransport dekkes av Nav, dersom kjøreavstand er over 20 km og det brukes det nærmeste Gravferdsbyrået» Egenandelen er 2985.-
Byrået kan søke på vegne av pårørende.

Adresse

Mosasida 215
Seljord
3840

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Øvre Telemark begravelsesbyrå legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Øvre Telemark begravelsesbyrå:

Del