16/02/2026
🌿 Er du (eller kjenner du) den vi leitar etter?
Hjå Brunsj & Briller skjer det mykje fint for tida. Vi er ei lita bedrift i utvikling, med eit unikt konsept der brunsj, spanande smakar og gode opplevingar får stå i sentrum. No ønskjer vi oss ein kokk som vil vere med vidare – ein som likar å skape, smake, utforske og forme noko saman med oss.
Kvardagen hos oss handlar om nye idéar på kjøkkenet, gode samtalar over kaffikoppar, travle dagar, mykje latter – og eit genuint ønskje om å gje gjestene våre noko dei har lyst å kome tilbake til. Du vil få ei viktig rolle, med ansvar for den daglege drifta av kjøkkenet og moglegheit til å påverke både meny og retning vidare.
Kanskje har du fagbrev. Kanskje har du ikkje – men du må vere glad i mat, ha erfaring frå kjøkken og kjenne deg heime i eit miljø der ein jobbar tett saman og tek ansvar. Vi ser etter deg som er påliteleg, sjølvstendig og som bryr deg om både menneska rundt deg og konseptet vi byggjer.
Stillinga er ca. 80 % (med moglegheit for 100 % for rett person), hovudsakleg dagtid tysdag–laurdag – med litt kveld og søndag innimellom når sesongen krev det.
Oppstart så snart som mogleg etter 1. mai.
Søknadsfrist 10. mars.
Har du spørsmål, eller kjenner du at dette kanskje er di neste reise? Send oss ein e-post eller ei melding 🤍
📧 brunsjogbriller@gmail.com
Kontaktperson: Elisa Sunde
Del gjerne vidare – kanskje kjenner du nokon som har lyst til å jobbe med oss?