08/01/2026
Anahata Yoga startar opp att i Sogndal onsdag 14.januar ✨
Som i haust blir det to timar kvar onsdag.
Den første er meir yang basert, med meir muskelarbeid og styrke. Den andre er meir yin basert, og fokusera meir på ein roleg meditativ flyt. Er du ny til yoga og/eller styrketrening er den andre timen god å starte med for å bygge eit godt fundament og tilstedeværelse i øvelsane.
Uansett legg begge timar fokus på å bevege deg i eiga rytme for å oppnå best effekt. Å la pusten lede deg gjennom bevegelsane bidreg til ein indre ro, der du kan lande her og no.
Anahata Yoga invitera deg til å lede med hjerta og lande i kroppen, for å observere og lære deg sjølv bedre å kjenne. Ein kan sei det slik at alt ein opplever på matta reflektere tilbake til korleis ein lever og brukar kroppen i kvardagen. Slik kan yogaen gi deg gode verktøy for ein betre kvardag.
✨Første time: 17.30-18.30
✨Andre time: 18.40-20 - denne timen avsluttes med ein lengre shavasana med lydvibrasjoner.
✨Stad: Kvåle skule.
Pga logistikk og nytt lokale blir det onsdagar denne runden. Det er parkering rett utanfor hovudinngangen til skulen der de går inn.
✨Opent for dropin eller heile 10 veker.
✨Ta med eiga matte, samt pledd og evt pute/bolster. (Eller gi beskjed om du treng låne noko)
✨Påmelding og spm: sms 90021654
✨Pris: 222,- per time, 333,- for begge
For heile 10 veker: 1800,- for ein time/ 3000,- for begge timar
Hjartleg velkommen med 🙏