07/09/2025
Vi set stor pris på at Anette Stegjerdet Norberg tok seg tid til eit besøk i klinikken for å snakke om situasjonen for kiropraktorpasientane spesielt og utfordringane rundt MSK generelt. Anette er lustring og stortingskandidat og har det naturleg nok svært hektisk for tida men ville prioritere dette møtet sidan denne saka med at regjeringa fjerna refusjonen har plaga henne.
Ho fekk èin kort gjennomgang av historikken til kiropraktikken i Norge og informasjon om utfordringane dagleg og på nasjonalt plan. Og viktig informasjon om at det er enorme muligheiter for effektivisering og innsparing ved at folk flest kan få rett hjelp til rett tid.
Kiropraktor Jannike Skår la ikkje skjul på kor skuffa kiropraktorane er over Arbeiderpartiet noko ho hadde stor forståing for. Anette kom med gode spørsmål og gode innspel. Kiropraktor Jannike Skår informerte om den mangelfulle prosessen som helse og omsorgsdepartementet køyrde gjennom som ber tydeleg preg av kunnskapsløyse og profesjonskamp. Dette er skuffande informasjon for alle uansett parti.
Anette fekk med seg info på laminerte ark slik det ikkje skal vere mulig å gløyme oss😁. Men det er vi sikre på at ho ikkje gjer, dette var eit svært positivt møte, og vi ser fram til vidare dialog.
Lukke til Anette og godt val!