27/10/2025
Nyttig informasjon om graviditet og trening!
Strong Mama-studien viser at godt trente kvinner også kan trene tung styrketrening utan å vere redd for at det skal gå utover fosteret eller fødselen 🤰🏋️♀️
Fitness-profil Christina Strøm Fjære fortel i NIH-podden at ho har fått stygge meldingar på Instagram når ho har vist fram at ho trenar styrke som gravid.
– Du kjem til å drepe babyen din, stod det på ei melding. Eg har fått fleire skikkeleg stygge meldingar, fortel ho.
Andre har kome bort til ho på treningssenteret.
– Eldre damer har kome bort til meg og spurd: Kan du det der da? Går det bra?
Nå håpar deltakaren i Strong Mama-prosjektet at forskinga bidreg til at folk flest
forstår at det er trygt for spreke gravide å trene gjennom heile svangerskapet.
– Det største problemet for gravide er inaktivitet. Det er ikkje trening, seier Fjære.
Har du erfaring med trening i graviditeten?
🔗 Les meir om forskingsfunna og historia til Christina Strøm Fjære 👇 (lenke i kommentarfeltet)
🎧 Og høyr alt om Strong Mama-forskinga i NIH-podden der du høyrer podkast.