Skogens Ro Yogastudio

Skogens Ro Yogastudio Yogastudio på Stord. Holistisk yogaterapeut og Yogalærer. Mindful Yoga. Skogsyoga. Tilbyr og privat yoga for grupper.

Utdanning innen Klassisk yoga, Yin, Restorative, Yoga Nidra, Aerial Yoga og Holistisk Yogaterapi.

30/11/2025

God 1. søndag i Advent🕯️

Eg håpar du finn ro innimellom no når Desember bankar lett på døra og me går inn i Adventstida.

Alt for mangen stressar og kavar i denne tida. For kva då?

Kan me prøve å gå litt saktare? Finne kvilepulsen? Gå mindre å trakka i butikkar? Heller gå i skogen, finne granbar og kongler, pynte med det naturen byr oss, gå ein runde i eventyrskogen som er magisk no med lys og nissar✨

Kva handlar jula om eigentleg? Og korleis ønsker du å ha det? Kva treng me eigentleg? Me har fulle skap og skuffer og boden flyt over. Me treng ingen TING.

Det me treng, trur eg, er å stoppe litt opp. Kjenne litt etter, puste litt godt nedi magen.

Være saman med nokon. Gjere små fine ting. Kjenne på takknemlighet. Gi nokon litt av tida di. Den er verdt meir enn dyre ting.

No ligg heile Desember framfor deg. Bestem deg for kva du vil fylla den med. Ta aktive valg. Ikkje la hamsterhjul og handelstand bestemme. Det er ditt valg. Prioriter.

Her er tips til små fine ting du kan gjer i Desember🎄

✨gå ein tur i nabolaget ditt eller nokon andre sitt og sjå kor fint det er pynta. Er det ikkje rørande?
✨bak ein sort eller to saman med nokon, det er så mykje kjekkare saman
✨sett på julemusikk og syng med, julestemning✨
✨gi ein boks julekaker til nokon, sjå kor glad dei blir!
✨sjå ein julefilm
✨spel eit brettspel
✨samle familien eller venner og lag pepperkakehus
✨gå ein tur i skogen å hent kongler og granbar
✨lag litt julepynt fra naturen med det du har samla
✨sjå korti dei skal tenne julegrana i by eller bygd, kanskje blir det gang rundt juletreet, musikk og korps? Vanskelig å ikkje kjenne på julestemninga då.

Mange syns jul er vanskelig. Men du kan gjere adventstida og jula til ei fin tid. Du kan det♥️✨

Korleis vil du den skal vere? Og kva kan du gjere for å få det til?

Del gjerne💬

Adresse

Vassenden 30
Stord Island

Telefon

+4790717260

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skogens Ro Yogastudio legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Skogens Ro Yogastudio:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram