Stord Helsepark

Stord Helsepark Når det unike er avgjerande. Stord Helsepark blir eit unikt, nytt tilbod i Borggata – midt i Lei

Eikeland's fothelse 🤩👏🏼👏🏼
10/02/2026

Eikeland's fothelse 🤩👏🏼👏🏼

Ingvild Eikeland – fotterapi, fothelse og kvardagen som fotterapeut i Stord Helsepark

Føter ber oss gjennom heile livet – likevel er fothelse noko mange tek på alvor altfor seint. I denne episoden møter du Ingvild Eikeland, autorisert fotterapeut og gründer bak Eikelands Fothelse, med klinikk i Stord Helsepark.

Vi snakkar om kvifor så mange slit med fotplager, kva sko eigentleg har å seie for kroppen vår, og kvifor problem i føtene kan forplante seg heilt opp til kne, hofte og rygg. Ingvild deler praktiske råd om alt frå inngrodde negler og hard hud til barnesko, arvesko og kva du bør sjå etter når du kjøper nye sko.
Du får òg høyre historia hennar – frå oppvekst på Huglo, via ei dramatisk utdanningsreise, til kvardagen som fotterapeut med full timebok og lang venteliste. Ei ærleg og lærerik samtale om fothelse, fagstoltheit og livet som sjølvstendig næringsdrivande.
Ei episode for deg som vil ta betre vare på føtene dine – og kroppen elles. 👣

Sponsor: – din lokale optikar på Leirvik og Heiane.

Livet er for kort til kjedelege briller, og endå kortare til å gå rundt med plager i augo.
Stadig fleire slit med tørre auge, ruskekjensle og sårheit – ofte på grunn av skjermbruk, inneklima og kvardagsstress. Mange ventar altfor lenge med å søkje hjelp. Hos Brilleriet får du ikkje berre råd og dråpar, men moderne behandling som går til rota av problemet, med lysbehandling og spesialutstyr som kan gi varig betring i augehelsa.
Stor takk til Brilleriet for at dei er med på laget og støttar Sunnhordlandpodden

Flinke optikar Arnhild! Brilleriet kan du besøke i 1. etasje - velkommen 💙
04/02/2026

Flinke optikar Arnhild!
Brilleriet kan du besøke i 1. etasje - velkommen 💙

Tørre auge? Slik får du hjelp – med optikar Arnhild Myklebust

Optikar Arnhild Myklebust er tilbake i studio! I denne episoden får du høyre om alt frå korleis Brilleriet planlegg å ekspandere i 2026, til korleis tørre auge har blitt eit stadig større problem.
Kjetil deler sine eigne erfaringar med «sandpapir-auger» og korleis ein enkel sjekk hjå optikar kan gjere ein enorm forskjell.
Arnhild forklarar kva som faktisk skjer i augo våre, kva som påverkar tårefilmen, kvifor overgangsalderen speler inn, og kvifor skjermbruk gjer fleire plaga enn før.
Vi snakkar òg om nye typar behandling – frå varmemaskar og auelokksmassasje til avansert lysbehandling som opnar kjertlar og gir betre komfort.
Og sjølvsagt: litt om brilletrendar, litt humor, og eit aldri så lite ordspel eller to.
Dette er episoden for deg som slit med tørre auge, ser for mykje på skjerm, er nysgjerrig på synshelsa di – eller berre vil høyre ein inspirerande prat med ein ekte lokal gründer.

Samarbeid: Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Brilleriet.

04/02/2026
29/01/2026

TannpleierOris Dental Stord, Leirvik søkjer ein positiv og fagleg engasjert tannpleiar i 60–100 % stilling. Hos oss vil du jobbe tett saman med periodontist og

05/12/2025
Det er med stor glede at me no kan ønskje Sunnhordland Klinikken velkomen! 😊Saman styrkar dei eit allereie solid og tver...
20/11/2025

Det er med stor glede at me no kan ønskje Sunnhordland Klinikken velkomen! 😊

Saman styrkar dei eit allereie solid og tverrfagleg fagmiljø som me er svært stolte av i Stord Helsepark💙

Kiropraktor Lisa og naprapat Kjersti har vore ein del av helseparken sidan oppstart.
1. desember startar kiropraktorane Henrik og Thomas.
1. januar startar fysioterapeutane Sindre og John Einar, samt psykomotorisk fysioterapeut Julie.

Ta gjerne ein kikk på den flotte nettsida deira:
www.shklinikk.no

Frå og med 1. desember kan du gå behandling hos Sunnhordland klinikken i Stord helsepark.

Stord Helsepark har fokus på eit sterkt fagmiljø. Me ønskjer å bidra i målet om å vera eit meir demensvenleg samfunn - d...
31/10/2025

Stord Helsepark har fokus på eit sterkt fagmiljø. Me ønskjer å bidra i målet om å vera eit meir demensvenleg samfunn - der alle fortjener å bli møtt med openheit, respekt og forståing. ❤️

I dag vart det halde kurs om demens for alle tilsette i bygget, med servering av nydelege vaflar frå Urt & Ugras.

Ein stor takk til Randi Huglen, demensrådgjevar i Stord kommune, og Torill Kaldefoss, leiar i Stord Fitjar Demensforening, for eit godt og lærerikt foredrag.

30/09/2025

Adresse

Borggata 5-9
Stord Island

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stord Helsepark legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Stord Helsepark:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram