13/04/2026
Treningsgrupper med oppstart veke 19
Vår Lisa van der Hagen kjører i gang med oppstart av siste runde med gruppetrening før sommaren, og det er allerede mange påmeldte - SÅ kjekt!! ☀️
GRUPPER:
🔸Sterk 60+ - man kl 10.30 - FULL
🔸Sterk sammen - tirs kl 15
🔸Sterk 60+ - tors kl 10.30
🔸Sterk mamma - tirs kl 11.15 (full, men åpner for ei ekstra gruppe)
STERK MAMMA
Ei utrulig koselig gruppe med mødre og barn, der det er fokus på aktivering av bekkenbunn, kjernemuskulatur og stabiliserande bekkenmuskulatur, samt generell styrketrening for heile kroppen. Ein fin måte å komme i gang med trening, og passar for deg som ikkje heilt veit kva eller korleis ein skal trene etter eit svangerskap. Lisa tok i 2017 vidareutdanning i Trening under og etter svangerskap, og har etter kvart lang og god erfaring innan dette feltet🤱🏼
STERK SAMMEN
Ei fantastisk kjekk gruppe med spreke damer som gir jernet!! Treninga vert lagt opp som ei sirkeløkt, med variasjon av tredemølle/sykkel/romaskin og styrke med kroppsvekt/strikk/manualer/slynger. Her motiverer ein kvarandre og pusher etter behov. Gruppa passer for deg som ønsker å gå rett frå jobb på trim, og gå heim med godfølelsen etterpå🫶🏼
STERK 60+
Ei herlig gruppe med damer 60+ som blir sprekare og sprekare for kvar runde. Treninga vert lagt opp som ei sirkeløkt, med variasjon av tredemølle/sykkel/romaskin og styrke med kroppsvekt/strikk/manualer/slynger. Ein utfordrer seg sjølv og klarer meir enn ein trur🦸🏼Gruppa passar for deg som ønsker å komme i gang med fysisk aktivitet, treng litt veiledning eller berre ønsker å bli motivert av å trene i gruppe👯♀️
Treninga går over 8 veker, ei økt i veka.
Pris: 2050kr, bindande påmelding og betaling ved oppstart.
Stad: Treningssalen i Stord Helsepark
Påmelding:
Telefon: 48227225
Mail: lisa@shklinikk.no
Håpar du har lyst å bli med!!🙋🏼♀️