29/12/2025
No når julefreden har senka seg, vil vi gjerne sjå tilbake på nokre av dei fine opplevingane vi har hatt i desember månad. Dei siste vekene har huset vore fylt av mykje julestemning, ikkje minst gjennom dei mange fine julekonsertane som har skapt gode augeblikk for dei som bur hos oss 🎶
Vi set stor pris på alle som har bidrege og gjort det lille ekstra for at også desember skulle bli ei god og minnerik tid.
Med dette vil vi ønskje dykk ei fortsatt god jul og eit riktig godt nytt år 🌟🎄❤