YogaThera

YogaThera Terapeutisk og traumesensitiv yoga i gruppe eller 1:1. Reiki healing, stressmestring, pustetrening.

08/08/2025

Oppstart av haustens yogakurs i veke 34 😊

8 vekers roleg og mjuk Hatha/Restorative yoga, kr 1560,-
Oppstart tirsdag 19/8 kl 19.30-21.00
og fredag 22/8 kl 10.30-12.00

Hausten er ein overgang mellom sommerens aktive tid og vinterens ro. Yoga symboliserer her å kunne finne indre stabilitet midt i endringa. Det er også ei tid for å hauste, ei tid for å sjå kva ein har oppnådd og reflektere før ein ny syklus. Vi tek med oss dette inn i oppstarten av haustens yogaklasser 🙏

Hatha er «den klassiske yogaen», og vi brukar nokre av dei mest tilgjengelege og mjuke øvingane herifrå, kombinert med den terapeutiske Restorative yogaen.

Restorative yoga er den rolegaste mest nærande forma for yoga - nesten meir som ei indre spa-behandling. Dette er ei yogaform som aktiverer kroppen si kvile- og helbredelsesprosess gjennom passive stillinger og til tider med bruk av puter, tepper og bolster. Hensikt er djup avspenning av muskler, nerver og sinn.
Tanken er ikkje å strekke meir, men å sleppe meir.
Tempo er veldig sakte og heile kroppen får kvile. Effekt er at stresshormona vert redusert, du får eit balanserer nervesystem og du kan oppleve betre søvn og restitusjon.
Vi avsluttar kvar time med ei god avspenningsøkt/yoga nidra (yogisk søvn)

For påmelding/meir info, kontakt Therese Hovland på 982 16 861


https://www.facebook.com/share/p/19WnejGfQx/?mibextid=wwXIfr

VolveYoga tilbyr ulike former for yoga, avspenning og meditasjon

22/01/2025

Yoga som terapi, formiddagsgruppe
oppstart fredag 24/1 kl 11.00
(Stad: VolveYoga)

- OPPSTART I VEKE 4 - "YOGA SOM TERAPI" - eit yogakurs over 8 veker der du lærer å sende kropp, sinn og sjel på "SPA" 🥰😘...
12/01/2025

- OPPSTART I VEKE 4 -

"YOGA SOM TERAPI" - eit yogakurs over 8 veker der du lærer å sende kropp, sinn og sjel på "SPA" 🥰😘💝

Dette kurset er for deg som ønsker positivt påfyll gjennom:
🍀Enkle, rolege rørsler og stillingar som mjuker opp og styrker vinterstiv muskulatur
🍀Pusteteknikkar for å støtte og balansere nervesystem, fordøying, søvn/avslapping, stresshandtering m.m.
🍀Meditasjonar for ein kvardag med meir overskudd og mindre stress/tankekjør
🍀Djup avspenning som hjelper kropp og sinn å sleppe tak i stress/uro og muskelspenningar som tappar deg i kvardagen

Har du smerter, skader eller andre "vondtar"? Ingen problem, vi legg til rette og finn ei løysing ❤

Oppstart: Tysdag 21/1 kl 19.30-21.00 (8 vekers kurs)
Stad: VolveYoga (Strømmefabrikken, Storgata 18, Sykkylven)
Pris: 1600,- kr

Påmelding/informasjon ved Therese S Hovland (982 16 861)
Innbetalt kursavgift gir bekrefta plass.

NB! Dersom det er interesse for ei formiddagsgruppe, så vert dette fredagar kl 11-12.30 (same innhald og fokus). Ta kontakt om dette er noko du kunne tenke deg. Vi treng minimum 4-5 påmeldte for å sette i gang eit kurs :-)

LYST Å PRØVE YOGA OG/ELLER MEDITASJON?YogaThera inviterer deg som ønsker å flytte ut av hodet og inn i kroppen gjennom r...
30/08/2023

LYST Å PRØVE YOGA OG/ELLER MEDITASJON?

YogaThera inviterer deg som ønsker å flytte ut av hodet og inn i kroppen gjennom roleg og mjuk yoga, og kanskje har du lyst å teste ut om meditasjon kan vere noko for deg? Ta kontakt for meir info/påmelding (sjå bilde under)

Stad: Gi Glede sine lokaler på Vik (Bakkedamsvegen 13, 6230 Sykkylven)

NÅR LIVET ER TØFT og kjenslene sitt fast i kroppen ❤️
13/07/2023

NÅR LIVET ER TØFT og kjenslene sitt fast i kroppen ❤️

MJUK YOGA - eit kroppsnært kurs for mindre  stress, betre pust og meir LIVSKRAFT! Oppstartsdato, detaljar og påmeldingsl...
13/07/2023

MJUK YOGA - eit kroppsnært kurs for mindre stress, betre pust og meir LIVSKRAFT!

Oppstartsdato, detaljar og påmeldingslink kjem snart ☀️

MEDITASJONSKURS PÅ TRAPPENE!Kom nærare ditt autentiske deg med meditasjon og bevisst pust ❤️Meir info og påmeldingslink ...
13/07/2023

MEDITASJONSKURS PÅ TRAPPENE!
Kom nærare ditt autentiske deg med meditasjon og bevisst pust ❤️
Meir info og påmeldingslink kjem snart ☀️

FÅ MEIR LIVSKRAFT OG MESTRING I KVARDAGEN!Treng du meir overskudd, hjelp til å handtere stress, få betre søvn, forløyse ...
04/07/2023

FÅ MEIR LIVSKRAFT OG MESTRING I KVARDAGEN!
Treng du meir overskudd, hjelp til å handtere stress, få betre søvn, forløyse innestengde kjensler som begrenser deg, eller rett og slett ein som heier på deg og støttar deg i ei krevande livsstilsendring?

Ta kontakt om du lurer på om dette kan vere noko for deg, slik at vi kan finne DIN UNIKE VEG til målet

19/06/2023

Har du lyst å legge om livsstilen, men savnar nokon å gjere det ilag med?

17/03/2023

Oppstart av vårens yogakurs neste veke:
Torsdag kveld kl 19.30
Fredag formiddag kl 10.30

Ta kontakt for meir informasjon og påmelding:
Therese S Hovland: 982 16 861

Adresse

VolveYoga, Storgata 18
Sykkylven
6230

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når YogaThera legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til YogaThera:

Del