09/12/2025
Gåvekort hos Volveklinikken er varme, ro og velvære – samla i ei lita gåve
På Volveklinikken tilbyr vi fleire ulike former for massasje – alltid tilpassa den enkelte.
Enten du treng noko djupt og kraftfullt, eller mjukt og varsomt, finn vi den kombinasjonen som gir kroppen din mest mulig støtte.
✨ Djupe og harde teknikkar – for deg som treng å løyse opp muskelspenningar og kjenner at kroppen treng eit skikkeleg tak.
✨ Mjuke og milde massasjestilar – perfekt for avspenning, stressreduksjon og for å roe nervesystemet.
✨ Triggerpunktbehandling – målretta arbeid som frigjer stramme punkt og gjev lettare bevegelser.
✨ Bindevevsmassasje – djup, effektiv behandling som jobbar i kroppens fasciesystem for meir sirkulasjon og fleksibilitet.
✨ Kopping – aukar blodgjennomstrøyming, løyser opp stagnasjon og gir ei djup og behagelig avspenning.
✨ Healing i kombinasjon med massasje – for deg som både vil mjukne kroppen og lande energimessig.
Alt blir tilpassa dine behov der og då – kvar behandling blir unik, og kvar time er ei gåve til kroppen.
Du finn til ei kvar tid gåvekort i gangen utanfor Volveklinikken sine lokaler. Her finn du informasjon om alle behandlingsformer, priser og betalingsinfo. Gåvekort kan også sendast i posten mot eit tillegg på kr 25,-