02/06/2021
Mandag 31.mai var ein rar, men nøye gjennomtenkt, dag. Då hadde eg, etter ca 25 år, min siste dag som terapeut, i alle fall foreløbig ;) Så får eg sjå kva ting utvikler seg til etter kvart som tida går.
Mange gode og interessante timar har eg hatt saman med alle dei som har vore til behandling med meg.
Veit det er nokre få eg ikkje har fått tak i ang gåvekort, så ta gjerne kontakt om du veit om nokon.
Det blir no ledig rom hos Personalomsorg, så om nokon ynskjer å leige eit rom i sentrum så ta kontakt med dei.
Dermed seier eg takk for samarbeidet til alle eg har hatt kontakt med. Veit eg kjem til å sakne dokke♥
Ta vare på dokke sjølve og dei gode tinga i livet♥🌞