26/01/2026
Oslo yogafestival! Eg er på vei heim etter ei helg med masse påfyll og yogafelleskap. Vi er heldige som får vere deltakarar på eit så fantastisk arrangement med enorm variasjon i programmet. Takk for at du år etter år fortset å skape dette! Du er ein sann inspirasjon❤️ Eg har fått landa i kroppen i holisitisk yogaterapi og yin yoga, og blitt inspirert til å utforske meir berøring i yogarommet. Badsturituale var også ei nydeleg oppleving! Framover skal eg utforske endå meir overgangane - i fysiske stillingar, men også overgangane i den indre tilstanden i kroppen, der vi vekslar mellom ulike hjernebølger. Det er der magien ligg💫