Psykologtimen

Psykologtimen Psykologtimen er ein serie opne og gratis arrangement for alle som er interesserte i eiga og andre si helse.

Fyrste onsdag i kvar månad inviterer kommunepsykolog i Ulstein, Tomas Brandal Myklebust inn til Psykologtimen på Ulstein Bibliotek/Arena.

29/02/2024

Tusen tusen takk til alle som kom på gårsdagens Psykologtime. Temaet om ungdom og rus fylte biblioteket 🙏🏻😘

Her er en liten smakebit av dialogen mellom kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust, skulepsykologisk rådgjevar Ingrid Redse Mjaaseth, og politiførstebetjent Henrik Vikebakk Sandstad👌

Sjå heile timen her;
https://www.vikebladet.no/nyhende/i/RGvl5O/ungdom-og-rus-i-psykologtimen

For meir informasjon kan du sjekke ut BTI portalen til kommuna her:
https://www.ulstein.kommune.no/bti/

Minner om Psykologtimen i morgon 28. februar på Ulstein bibliotek kl. 19.00.Temaer er UNGDOM & RUS og det blir ein fin o...
27/02/2024

Minner om Psykologtimen i morgon 28. februar på Ulstein bibliotek kl. 19.00.

Temaer er UNGDOM & RUS og det blir ein fin og lærerik samtale mellom desse tre dyktige personane;
kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust, skulepsykologisk rådgjevar, Ingrid Redse Mjaaseth og politiførstebetjent Henrik Vikebakk Sandstad.

Håper å sjå deg der 🙏

Psykologtimen er tilbake, og denne gongen med eit særs viktig tema. Ungdom og rus! 🙏Dessverre blir born og unge altfor t...
16/02/2024

Psykologtimen er tilbake, og denne gongen med eit særs viktig tema. Ungdom og rus! 🙏

Dessverre blir born og unge altfor tidleg eksponert for rus, direkte og indirekte, og lenge før dei eventuelt debuterer sjølve. I dag blir ungdom utsett for eit enormt press, både på skulen og i fritida, og som foreldre mistar vi gjerne litt kontrollen og blir redde for kva val ungane våre tek.

Då er det viktig å tilby ei trygg hamn og vere ein god samtalepartnar – uansett rusform. Men mange foreldre synes det kan vere vanskeleg å snakke med borna sine om festing, alkohol og ulike narkotiske stoff. Kanskje har vi ikkje heilt oversikt og kunnskap om det som rører seg der ute, og konsekvensane?! Og korleis stiller vi dei rette spørsmåla utan å fordømme og miste tillit?

Dette synes vi i Psykologtimen er viktig å snakke om, og har derfor samla eit knippe dyktige fagfolk som kan hjelpe oss med å bli litt tryggare rundt temaet. Saman med kommunepsykolog TTomas Brandal Myklebust har vi med oss politiførstebetjent i Ulstein og Hareid, HHenrik Sandstad og skulepsykologisk rådgjevar Ingrid Redse Mjaaseth🤩

Desse kjenner ungdomen godt og veit kva som rører seg i lokalsamfunnet vårt, og kan dermed gi gode råd på korleis vi betre kan samarbeide med ungdomane våra. Vi vil snakke om det å vere nysgjerrige og naive, tørre å stille dei dumme spørsmåla og korleis sette grenser. ❤️

Onsdag 28. februar kl. 19.00 inviterer vi til Psykologtime Ulstein bibliotek Ein time som kan passe alle foreldre med born i grunnskule og på vidaregåande.

Vi ønsker ein open time, og vil derfor på slutten opne for dialog og spørsmål frå publikum. Psykologtimen er gratis, og vil også bli strøyma på Vikebladet sin nettstad.

https://www.vikebladet.no/nyhende/i/RGvl5O/ungdom-og-rus-i-psykologtimen

På Verdensdagen for psykisk helse oppfordrar vi til å vere eit godt medmenneske og bidra til å gjere samfunnet varmare, ...
10/10/2023

På Verdensdagen for psykisk helse oppfordrar vi til å vere eit godt medmenneske og bidra til å gjere samfunnet varmare, opnare og meir inkluderande. 🙏🏻

Vi trenger alle å høyre til - ikkje berre i dag, men kvar dag🧡

Vi håper alle har hatt ein strålande sommar, med påfyll av ny energi, og er klare for ein fin haust. ☀️☀️Det er mykje so...
24/08/2023

Vi håper alle har hatt ein strålande sommar, med påfyll av ny energi, og er klare for ein fin haust. ☀️☀️

Det er mykje som skjer i september, og Psykologtimen vel derfor å starte opp igjen i oktober. Vi ser fram til å møte fleire spanande gjestar framover, som vil belyse aktuelle og kvardagslege tema. 🙏🏻

Vi møtast på Ulstein Bibliotek 4. oktober. Følg med for meir informasjon. 👌

Inntil då, lag deg fine dagar ❤️

Tomas Brandal Myklebust
Psykologtimen
Sparebanken Møre
Sytalaust AS
Fantastiske Osberget

MENTAL TRENING med Joakim Dragsten ⚽️🧠Joakim Dragsten er hovudtrenar for Hødd og jobbar dagleg med å trene og motivere f...
05/06/2023

MENTAL TRENING med Joakim Dragsten ⚽️🧠

Joakim Dragsten er hovudtrenar for Hødd og jobbar dagleg med å trene og motivere fotballspelarane sine til å yte maksimalt. Han er ein hardtarbeidande og kompetansesterk kar, med solid erfaring og engasjement for både mental og fysisk helse.🤩

Komande onsdag gjestar han Psykologtimen, og vil saman med kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust gi oss gode råd på korleis ein med rett innstilling og fokus kan yte ekstra og nå sine mål.🙏🏻

Joakim har utdanning innan idrettspsykologi og brukar, som fotballtrenar i OBOS-ligaen, denne kunnskapen til å forberede spelarane til å også bli sterke mentalt, og det å takle blant anna press og prestasjonsangst!

Dette blir ein innhaldsrik Psykologtime mellom Joakim og Tomas👌Vi gler oss!

Håper du tek turen til biblioteket onsdag 7. juni kl. 20.00🤩

Foto: Arne Flatin 📸

Då er vi rigga og snart klar for dagens Psykologtimen😉Mindfullness - i samtale med Birgitte og TomasVi går live kl. 20.0...
10/05/2023

Då er vi rigga og snart klar for dagens Psykologtimen😉

Mindfullness - i samtale med Birgitte og Tomas

Vi går live kl. 20.00☺️

Kjekt om du tek deg ein tur❤️

I morgon, onsdag 10. mai, er vi klare for ein ny Psykologtimen på Ulstein Bibliotek👌Dette blir ein fin samtale mellom ko...
09/05/2023

I morgon, onsdag 10. mai, er vi klare for ein ny Psykologtimen på Ulstein Bibliotek👌

Dette blir ein fin samtale mellom kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust og lege Birgitte Hareide Øvrelid om temaet mindfullness🙏🏻

Her har vi alle noko å lære, så vi håper du tek turen til biblioteket kl. 20.00❤️

Mindfullness - i samtale med Birgitte og Tomas

Lege Birgitte Hareide Øvrelid er gjest hjå Tomas Brandal Myklebust onsdag 10. mai.

Denne månadens Psykologtime blir onsdag 10. mai. Vi ynskjer å roe heilt ned og snakke litt om mindfullness. 🤩For å belys...
03/05/2023

Denne månadens Psykologtime blir onsdag 10. mai. Vi ynskjer å roe heilt ned og snakke litt om mindfullness. 🤩

For å belyse akkurat dette temaet har vi fått med oss lege Birgitte Hareide Øvrelid. Ei rolig sjel, som i lengre tid har praktisert mindfullness både for seg sjølv og i behandling av eigne pasientar.❤️

— Ja, det var i 2011 under ein legekonferanse eg fekk augene opp for mindfullness. Her fekk eg høyre allmennlege Michael de Vibe fortelle om sitt livsprosjekt og kva helsefremmande fordelar denne terapeutiske metoda har.

— Eg vart overbevist om at her var det mykje å hente. Ikkje berre for meg sjølv i ein travel kvardag, både på heimebane og som lege, men også for pasientane mine.

— Det er mange som kjem til meg som trur dei er alvorleg sjuke, men som rett og slett har tydelege symptom på stress og/eller psykiske problem. Då er det viktig å sjå heile mennesket og behandle der etter.

— Mindfulness» er ei metode for å takle stress og fremme personleg utvikling. På norsk heiter det «oppmerksomt nærvær». Altså at vi er meir tilstade i vårt eige liv. Meir fokusert! Og her kan pusten vår hjelpe oss godt på veg.

Vi ser fram til å høyre fleire gode råd frå Birgitte i samtale med vår kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust, onsdag 10. mai kl. 20.00 på Ulstein Bibliotek.

Vi har alle behov for litt meir ro i kvardagen! Mindfullness passar for alle - uansett kvar ein er i livet! 🙏🏻

Velkomne

Ærlig og hærlig frå dagens gjest, Rune Sæter🤩Tusen takk for at du delte så inderlig og godt med oss. 🙏🏻😘Håper du tek deg...
12/04/2023

Ærlig og hærlig frå dagens gjest, Rune Sæter🤩

Tusen takk for at du delte så inderlig og godt med oss. 🙏🏻😘

Håper du tek deg tid til å høyre dagens sending!
Du finn den her;

Onsdag 12. april får Tomas Brandal Myklebust besøk av skodespelaren Rune Sæter i Psykologtimen.

Adresse

Vikemyra 2
Ulsteinvik
6065

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Psykologtimen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Psykologtimen:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram

Type