
17/04/2023
Kjære medlemmar og alle som har vore innom Yogano! Det er med tungt hjarte vi har bestemt oss for å legge ned studioet 1. juli. Etter utfordrande år etter pandemien, og skifte i våre personlige liv, ønsker Kishore og Inger Kristine å prioritere nye prosjekt, og setter dermed punktum for to fine år med yogasamvær i Ulsteinvik.
Det er mange som har hatt glede og nytte av studioet. Og det har vore herleg å bli kjent med dokke og følge utviklinga til den enkelte. Samtidig ser vi at det ikkje lenger er grunnlag for vidare drift i Ulsteinvik, og vi velger derfor no å legge ned.
Vi vil sende ut ein mail til dei som har klipp igjen på klippekort, med ei påminning om å nytte disse før 1 Juli. Kontakt oss på mail: post@yogano.no om du har spørsmål.
Vi vil takke alle yogadeltakarar og lærarar som har vore med å gjere Yogano til den givande og lærerike perioda det har våre for oss. Vi er takknemlege for alle som har teke turen innom oss, og håpar vi ser dykk på yogamatta fram til sommaren!
Hald augene åpne for eit vidare yogatilbod i Volda, der Kishore vil fortsette med si yogaundervisning utover hausten.
Takk for no.
Vennleg helsing
Inger Kristine og Kishore