16/10/2025
TINT-KURS
I haust skal Ulstein helsestasjon halde eit kurs for ungdomsforeldre ved Ulstein ungdomsskule. Kursrekka på 6 møter er GRATIS, og blir halde på ungdomsskulen.
Tidspunkt: kl 18-20:30
Datoar: 22. okt, 29. okt, 12. nov, 19. nov, 1. des og 4. des.
Kurset heiter TINT – Tuning in to Teens
Kurset er utvikla for foreldre til unge frå 10-18 år. Vi ynskjer å tilby dette til føresette som har elevar i 8.–10. klasse.
Tuning in to Teens er eit evidensbasert foreldrerettleiingsprogram som fokuserer på det emosjonelle bandet mellom foreldre og ungdomen.
Studiar har vist positive resultat for foreldre sjølv, foreldre-tenåring relasjonen og tenåringens emosjonelle kompetanse og åtferd.
I kurset kan du lære:
💛å kommunisere bedre med tenåringen
💛å kunne forstå tenåringen bedre
💛å hjelpe tenåringen din til å handtere kjensler
💛å førebygge åtferdsutfordringar
💛konflikthandtering
Dette kan Tuning into Teens hjelpe din ungdom med:
💛bli oppmerksame og tryggare i situasjonar kor dei opplever press frå jamaldrande
💛handtere konfliktar og får lettare vener
💛handtere vanskelege følelsar som sinne og tristheit
💛handtere psykiske plager og utfordringar ift. rus
Kurshaldarar:
Birgitte Blomstervik, helsesjukepleiar på Ulstein ungdomsskule
Ingrid Redse Mjaaseth, skulepsykologisk rådgjevar
Påmelding snarast til helsestasjonen på tlf. 700 17 880.
Det er max 14 personar pr. gruppe. Meld deg på i dag!