11/02/2026
Minner om denne. Påmeldingsfristen er lørdag 14. februar 💜 Info i artikkelen
INVITASJON TIL TEMAMØTE OG ÅRSMØTE
Nordmøre lokallag – Romsdal lokallag – Sunnmøre lokallag av NFF
Norges Fibromyalgi sitt fylkeslag i Møre og Romsdal har gleda av å invitere medlemmer i lokallaga - og andre interesserte - til temamøte og fylkeslaget sitt årsmøte;
💜 Dato: Laurdag 28. februar 2026
💜 Stad: Hotel Noreg, Kongens gate 27, Ålesund
💜 Tid: Klokka 12.00
PROGRAM ➡️
🍛 Lunsj kl. 12.00
Styret i fylkeslaget av NFF og lokallaga sine valde delegatar til årsmøtet, startar dagen med felles lunsj. Medlemer i lokallaga og andre interesserte er hjarteleg velkomne til å vere med på denne lunsjen. Det vert servert ein 2-retters varmlunsj til 295 kroner per person. Kvar enkelt må betale for mat og drikke. For at hotellet skal berekne nok mat til alle, så treng vi påmelding til lunsjen. Hugs også å informere om eventuelle allergiar.
Påmelding til Annvei Skogen Sørensen på SMS til:
918 52 784 📲 Frist for påmelding 14.02.2026.
🎤 Temamøte kl. 13.00 – 15.00
Vi er svært glade for å få besøk av kiropraktor Alexander Andorff, ein av Noregs fremste fagpersonar med spesialkunnskap om fibromyalgi. Han vil halde foredrag om fatigue og utmatting - eit tema som er svært aktuelt for mange av våre medlemmer. Temamøtet er gratis for medlemer. Ikkje-medlemer: 50 kroner.
🧑💻 Årsmøte kl. 15.30
Årsmøtet i Møre og Romsdal fylkeslag av NFF startar etter foredraget, og er ope for alle, men det er berre styret i fylkeslaget og lokallaga sine delegatar som har tale- og røysterett.
Vi håpar mange ønsker å delta på ein fagleg lærerik og sosial dag saman med oss – både på temamøtet og årsmøtet.
💜 Mvh Styret i NFF Møre og Romsdal fylkeslag 💜