Nordvestklinikk AS

Nordvestklinikk AS Nordvestklinikk er ein privat helseklinikk i Ulsteinvik. Vi legg vekt på service og fleksibilitet for å imøtekome kunden sine behov.

Sjå heimesida vår for meir informasjon, timebestilling, prisar etc:

https://nordvestklinikk.no/

Send epost eller melding om du ikkje finn ein time som passar!

Har du vore hos oss på Nordvestklinikk?🤗Tilbakemeldingane dine betyr mykje for oss - og dei gjer det enklare for andre å...
18/03/2026

Har du vore hos oss på Nordvestklinikk?🤗

Tilbakemeldingane dine betyr mykje for oss - og dei gjer det enklare for andre å finne fram til riktig hjelp✨
Vi blir svært takknemmelige om du vil legge igjen ein liten anmeldelse via QR koda her🙏🏻

Tusen takk for at du støttar oss💛

Helsing Nordvestklinikk-gjengen

21/12/2025
Årets vaksinering mot influensa er i gong💉 Ta kontakt ved behov for vaksine.Post@nordvestklinikk.no
28/10/2025

Årets vaksinering mot influensa er i gong💉 Ta kontakt ved behov for vaksine.
Post@nordvestklinikk.no

Her finner du informasjon om influensavaksine, hvem som bør ta vaksine og hvor du kan få satt den.

09/05/2025
Denne veka i mai er det heile 8 år sidan vi åpna dørene til Nordvestklinikk!Ein liten, men innhaldsrik helseklinikk med ...
08/05/2025

Denne veka i mai er det heile 8 år sidan vi åpna dørene til Nordvestklinikk!
Ein liten, men innhaldsrik helseklinikk med mange dyktige legar og spesialistar, driven av engasjement og eit stort hjarte for lokalsamfunnet💙
Det som starta meir som ein hobby, har utvikla seg til å bli eit viktig helsetilbod for mange i ein liten by.

I dag kan vi stolt seie at vi tilbyr eit breitt spekter av helsetenester – frå allmennlege til gynekologar, jordmødre, sjømannslegar, radiologar og no sist; kardiolog/hjertespesialist.
Eit mangfaldig fagmiljø samla på ein og same stad, tilgjengeleg for deg.

Vi veit at eit slikt tilbod berre kan leve vidare dersom folk brukar det. Difor vil vi rette ein stor og varm takk til alle kundar som har valt å bruke oss desse åra – takk for at de viser oss tillit og held hjula i gong. Også takk for tolmod i ei periode med redusert bemanning i resepsjonen.
Det er dokke som gjer Nordvestklinikk mogleg.

Vi gler oss til å utvikle oss vidare – saman med dokke!

– Helsing alle oss ved Nordvestklinikk

https://nordvestklinikk.no/

Epost: post@nordvestklinikk.no

05/05/2025

5. mai 2025 blir den Internasjonale Jordmordagen markert ❤️
Elin Ytterbø er jordmor og jobbar på fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus, der ho har vore tilsett i 30 år 🚑
Vi fekk lov til å besøke ho og stille nokre spørsmål om yrkeslivet hennar 😊

Kan du fortelje litt om deg sjølv og kvifor du valde å bli jordmor?

– Eg har vore tilsett ved Ålesund sjukehus i nesten 30 år og har ingen planar om å gi meg på fleire år enno. Allereie som 21-åring var eg fascinert av jordmoryrket før eg starta på sjukepleiarutdanninga i Oslo.

Kva er den største gleda med yrket ditt?

– Jordmoryrket er samansett og variert. Ikkje ein dag er lik. Det å møte gravide og blivande foreldre i fødsel og i barseltida er både givande og utfordrande. Som jordmor kjem du nær i nokre av livets største og viktigaste augeblikk.

Kva tips har du til nyutdanna sjukepleiarar som kunne ha tenkt seg å bli jordmor?

– Kjør på, jordmoryrket er spennande, givande, variert, utfordrande og veldig kjekt. Du får jobbe tverrfagleg i eit pulserande og utviklande arbeidsmiljø. Det er stor etterspurnad etter jordmødrer både lokalt og nasjonalt.

 Nina er utdanna jordmor med vidareutdanning innan kvinnehelse frå universitetet i Agder. Ho tilbyr tenester innanfor ge...
03/04/2025



Nina er utdanna jordmor med vidareutdanning innan kvinnehelse frå universitetet i Agder. Ho tilbyr tenester innanfor generell kvinnehelse.
- Gynekologisk undersøkelse med celleprøve fra livmorhalsen/andre prøver. For kvinner i alle aldre.
- Prevensjonsveiledning
- Resept prevensjon
- Innsetting av spiral/uttak av spiral/P-stav
- 6 vekers kontroll etter fødsel. Evt kombinert med prevensjonsveiledning og innlegging av prevensjon.

Ta gjerne kontakt ved behov for time👍🏻
Book på nett, eller send melding til post@nordvestklinikk.no

Har du behov for sjekk av hjertet ditt?Nordvestklinikk tilbyr konsultasjonar hos kardiolog Velle Kristian Espeland.Grund...
02/04/2025

Har du behov for sjekk av hjertet ditt?
Nordvestklinikk tilbyr konsultasjonar hos kardiolog Velle Kristian Espeland.
Grundig hjerteutredning tilbys gjennom samtale, klinisk undersøkelse, EKG, blodtrykk og ultralydundersøkelse av hjerte med visualisering av struktur og funksjon.
Hjertelegen henviser også vidare til relevante underøkelsar når det er behov for det.
Trenger ikkje henvisning for å bestille konsultasjon.
Book time på nett, eller send melding til post@nordvestklinikk.no

Adresse

Bjørndalvegen 7
Ulsteinvik
6065

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nordvestklinikk AS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Nordvestklinikk AS:

Del