10/04/2025
I 2025 har Olaviken drive heile 100 år i teneste for sårbare menneske, med Bergen sanitetsforening som sosialentreprenørar - opptekne av å dekke udekka behov i samfunnet.
Her kommer del 4 av Olaviken sin historie. Vi fortsetter med perioden 1966-1988:
I årsberetninga for Bergen sanitetsforening for 1967 kunne ein lese at etter endringane til fokus på psykisk og fysisk skrøpelege eldre, kunne det sjå ut til at Olaviken eigna seg utmerka til det nye formålet. Bestyrarparet vert skildra som eit funn, at Olaviken har rause dosar med menneskeleg omsorg og pleie og at alle bursdagar vert behørig feira med bløtkake. Fleire som var tilsette i denne perioden fortel om godt arbeidsmiljø, godt humør – og om eit personale som sto saman når kvardagen baud på utfordringar. Dei fortel om arbeidsstova der det vart produsert mykje fint som vart lodda ut på basar 4. søndag i advent. Julefesten var eit høgdepunkt som også pårørande engasjerte seg stort i. Ein hadde sydenturar, hytteturar og båtturar for pasientane, der tilsette frå alle yrkesgrupper var med. Røykerommet var felles for pasientar og personale. Sjølv om det i 1975 kom reklameforbod for tobakk, var det endå langt fram til røykelova i 2004.
I 1971 var det kvite huset hovudsjukehuset. Det budde 8 personar på kvart rom med ein vask på deling. På morgenen skulle alle vente i sengane sine til dei hadde fått stell. Det raude huset var nytta som spisesal for tilsette, leiing og kjøken. Dette vart etter kvart rive. Ei lita hytte vart nytte til bustad for tilsette, denne vart erstatta av styrarboligen på 70-talet.
Ein jobba i tråd med behova i samfunnet, og i 1973 fekk ein godkjenning som psykiatrisk sjukeheim med hovudvekt på omsorg for pasientar med demens, og eit nytt bygg sto ferdig dette året. 1973 var også året for verdas første mobiltelefonsamtale, Watergate pågjekk, rockebandet Saft fekk Spellemannspris, – og Lars Korvald var statsminister til Trygve Bratteli tok over.
Fram til 1978 jobba ein suksessivt med utviding, og gjekk i desse åra frå 24 til 90 sengeplassar. Ein hadde aktivitør og frisør, og eigne klessal til pasientane.
1988 er skildra som eit utfordrande år. Talet på plassar vart redusert, både på sjukeheimen og i dagavdelinga. Ein skaffa dessutan datautstyr, og sjølv om dette skapte ein reduksjon i regnskapsføringsutgifter, krevde nok innføringa både tid og opplæring. I Noreg var Gro Harlem Brundtland statsminister, og den norske kyrkja fekk sin første kvinnelege prost. Munch-maleriet «Vampyr» vart stole frå Nasjonalgalleriet i Oslo, og levert attende seinare same år. Harald Sæverud fekk juryens ærespris på Spellemannsprisutdelinga for 1988, der Torhild Sivertsen var programleiar.