Astrolog Anne Kari Anderdal

  • Home
  • Astrolog Anne Kari Anderdal

Astrolog Anne Kari Anderdal -Djup og personleg tolking av ditt fødselshoroskop.
-Reading-Samtale
-Terapeutisk time Horoskopet kan gjera deg meir bevisst kven du er når du er autentisk.

Vi har alle vår sannhet inni oss, men det handlar om å få tak i det, bevisstgjera det. Gjera bevisst dei sterke og svake sidene vi har. Når vi torer ta tak i oss sjølve, sjå på vårt indre, får vi ein vekst. Horoskopet er nettopp eit bilde av vårt indre.

Høyrer du fuglekvitter, ser du alle blomane som titter fram, kjenner du lukta av vår ?  Eller er det pulsklokka som får ...
12/05/2025

Høyrer du fuglekvitter, ser du alle blomane som titter fram, kjenner du lukta av vår ? Eller er det pulsklokka som får mest fokus , stadig rekke neste ting ?
Kanskje kroppen din er fylt av gamle, vonde traumer som du spring frå. Tema som no er over, som du trygt kan gje slepp på. Kanskje det no er trygt å vera deg . Vi veit at stress og vonde kjensler verkar inn på èin fysisk kropp,

Sola er no i Tyren ♉️sitt teikn som er knytt til alle sansane våre. Det er treet som står stødig fordi det er godt jorda. Det syg til seg næring og strekker seg opp og opp.
Fullmånen er i Skorpion ♏️, det skjulte, innestengte kjensler som vil ut. Det er transformasjon til å bli akkurat den fine du er der inne. Det er kraft og mot.
Til å blomstre og bli fri, når du vågar kaste maska. Slik at du kan slå rot og kjenne deg oppreist. Kanskje lengtar du etter å berre vera deg. Fri som fuglen. Uranus er konjunkt Sola 🕊️🌸

God fullmåne og nyyyt våren 🥰🌸🌼🌱☘️

www.anne.kari.anderdal.com

🌹NEPTUN VENUS KONJUNKSJON🌹No i helga har Venus og Neptun leika med kvarandre. Vi har ein periode no utover våren der des...
03/02/2025

🌹NEPTUN VENUS KONJUNKSJON🌹

No i helga har Venus og Neptun leika med kvarandre. Vi har ein periode no utover våren der dessen to planetane møtes og ynskjer fred og ro, og kjærlighet . Til alt og alle !

Fyrst no 1.februar, der dei møtes i Fisken saman med oppstigande måneknute. Som eit kollektiv budskap vi bør strekke oss etter. Det same gjer dei rundt 27.mars , også då i Fisken sitt teikn fordi Venus går retrograd. I slutten av april møtes dei på nytt, men då heilt i starten av Væren sitt teikn.

Kva vil dette bety ?

Venus er vår kjærlighetsplanet og Neptun er ein høgare oktav av Venus.
♉️Venus herskar i to tegn, Tyr og Vekt. Venus Tyr handlar om å ta vare på kroppen og ta vare på jorda vår. Tyren sår det han treng og ser at det spirar og veks. Skal det verta ei god avling treng ein vatne, gjødsle og stelle godt med det. Venus i Tyr brukar alle sansane sine og veit kva ein treng av føde for at kroppen skal trivast.
♎️Venus i Vekt veit at ein kan ikkje gjera alt aleine, ingen er god på alt. Det du sjølv ikkje sår eller får til, kan du få via andre. Dette er eg god på, så dette kan eg tilby deg, om du kan gje meg det du er god på tilbake. Venus Vekt veit at vi treng samarbeide for å utvikle oss endå meir. Venus Vekt vil gjerne ha ein partner, nokon å dele livet med. Feminine og maskuline, yin og yang.

♓️Neptun er den store kjærligheten, kjærligheten til alt og alle. Kjærlighet til jord og himmel og alt som er skapt. Som gjerne vil at alle skal ta vare på kvarandre og vera ein enhet. Neptun er det spirituelle og åndelege. Neptun veit at vi ikkje berre er kjøtt og blod, men at vi treng ein større forståing til ting. Vi treng draumar og forstå at alt som skjer skjer for ein grunn. Neptun er naturen vår, det er blomen. Det er det skjønne i form .

💕Om du har Venus Neptun aspekt i ditt horoskop kan du vera den som ikkje vil ha bråk, som vil at alle skal vera snill med kvarandre heile tida. Venus Neptun er musikk og kunst, det er det spirituelle inn i ein slags form.
I dagens samfunn kan det vera at mange gløymer den spirituelle sida i livet, at Venus får rå. Det handlar om å kle seg opp, vera vakker, ha hus og hytter og bil. Det materielle er det som får hovedfokus. Økonomi og pengar, om eg berre har det og det, så vert alt fint. Om eg berre finn den rette osb. Venus har appetitt, Venus vil ha meir, det kan vera grådighet. Og skjønnheten går på kropp og sminke, den utvendige skjønnheten.

Er ein for mykje i Neptun sin verden kan det bli at ein syns at alt er for mykje. Alt som skjer i verda tek energi frå ein, det sosiale slit på ein, og ein trekker seg vekk. Ein slepp alle påverknadene, men kan få eit liv i ensomhet. Det er kloster og religion, der ein ikkje syner kropp og hud i verste fall. Alt handlar om å vie livet til Gud.
💕Venus Neptun kan tippe att og fram, mellom det åndelege og det matriele, men treng finne ein balanse rundt desse temaene.
Neptun treng ikkje så mykje, så Venus må sjå når det er nok. Venus Neptun handlar om ein indre skjønnhet ! Har du det bra så utstrålar du det frå innsida og ut. Då treng du ikkje maske og gøyme deg bak. Du treng ikkje bevise noko via den matriele verda.

💕Når Venus og Neptun møtes no i Fisken, kva kan du gje slepp på no som du ikkje treng ta med deg vidare. Kva har du lært rundt dine verdiar og kva ynskjer du gje slepp på. For når dei møtes i Væren er det for å tilby deg ein ny start, ein ny boost. Då handlar det om å handle på draumane, for ingenting kjem av seg sjølv. Ein må gå det i møte. Venus Neptun er ikkje noko handlingsaspekt, så ein treng ein sterk Mars for å kunne gjera det ein føler for.

💕Neptun Venus folk er berre snill og grei og klarar sjeldan si nei. Ein kan og verta for lat og litt handlingslamma, der ein ynskjer at andre kan fikse og tilby. Er du for snill, tek du nok vare på deg sjølv og slepper du andre til i livet. Neptun er grenselaus, så det handlar om å bygge sunne grenser slik at du kan delta i livet samstundes som du tek vare på deg sjølv !

❤️Er du glad i livet slik det er ? Har du ein indre fred ? Kva er skjønnhet for deg, og kva har verkeleg verdi i ditt liv ?❤️

Ja, eg veit det er store spørsmål, men kanskje vi treng stille slike spørsmål iblant til oss sjølve. Og slik som verda er i dag, så treng vi opne litt opp for å sjå folk rundt oss og gje litt kjærlighet til andre som treng det. Ikkje verta for navlebeskuande. Det handlar vel egentleg om at alle strevar etter det same, og bli elska og bli sett ! Kunne få og gje kjærlighet. Det har berre så ulik framtoning.

Kjenner du deg att i Venus og Neptun ? Eller er du det motsette, Mars Pluto som er meir fighter og handlingsmenneske ?

Ta gjerne kontakt om du har noko på hjerte 🥰

www.anne-kari-anderdal.com

FULLMÅNE 13.JANUAR KL 23.26Har du sove dårleg i helga ? Kjent deg sensitiv eller berre ikkje trøtt.I dag 13.januar er de...
13/01/2025

FULLMÅNE 13.JANUAR KL 23.26
Har du sove dårleg i helga ? Kjent deg sensitiv eller berre ikkje trøtt.

I dag 13.januar er det fullmåne. Ein sensitiv fullmåne, då månen står heime i sitt eige teikn, Krepsen. Teiknet for barn og familie, for nærleik og tryggleik. Teiknet for korleis du føler det inni deg.

Månen står i konjunksjon med energiplaneten Mars, samstundes som Mars er retrograd . Det virvlar opp kjensler .Kanskje har du lyst til å gjera ting, men kjem ikkje heilt i gang. Energien kan vera litt innovervendt, litt reflekterande over kva som er viktig å få gjort. Kva gjer deg næring, slik at du kan slappe av og kjenne deg trygg.

Sola er i det stødige jordteiknet Steinbukken og skal vera der over ei veke til. Sola får Mars i opposisjon etterpå. Kanskje kjem du litt ut av vinterdvala no og går stødig framover på din veg.

God fullmåne, årets fyrste fullmåne 🥰

www.anne-kari-anderdal.com

MARS RETROGRADEnergiplaneten Mars går retrograd frå 6.12 til 23.2.25. At den går retrograd betyr at den tilsynelatande g...
11/12/2024

MARS RETROGRAD

Energiplaneten Mars går retrograd frå 6.12 til 23.2.25. At den går retrograd betyr at den tilsynelatande går bakover sett frå jorda. Medan Merkur, kommunikasjonsplaneten, går retrograd tre gonger pr år, går Mars retrograd kvart andre år, men då i lengre tid.

Mars symboliserar viljestyrke, handlekraft og vårt behov for å hevde oss. Har du ein sterk Mars er du kanskje fysisk aktiv, likar konkurranse og er flink til å stå opp for deg sjølv og hevde deg, og klarar ta ut sinne ditt. Du veit kva du vil og handlar etter det.

Denne perioda kan det virke som om det er noko som bremsar. Kanskje har du ikkje energien no i julestrida som du skulle ynskje du hadde. Alt går kanskje ikkje som planlagt heller så lenge Merkur går retrograd 25.11 til15.12. Mars vil at du skal ro ned og vende litt energi innover og reflektere over korleis du brukar energien din.

Energiplaneten Mars vil du skal revurdere Mars krafta di i denne perioden. Korleis brukar du viljeskrafta di ? Klarar du stå opp for deg sjølv ? Klarar du ta tak i det du ynskjer ? Kor mykje kraft og vilje skal du bruke og kor mykje skal du halde attende ?

Kanskje har du ein undertrykt Mars kraft. Det var kanskje ikkje lov til å vera sinna eller ta ut vilja di i barndommen, noko som blokkerar no i vaksen alder. Det er sunt og bjeffe og hevde seg sjølv, spørsmålet er om kva du bjeffar mot. Er det gamalt sinne som andre skulle fått, så er det ikkje kjekt om det kjem ut til feil person.

Sinne eller frustrasjon som aldri har vorte tatt ut kan vende seg innover og slå ut som fysisk eller psykisk blokkering. Det er viktig å finne eit utløp for det og ikkje bære det inni deg. Det kan vera at andre har brukt Marskrafta si mot deg, slik at din eigen kraft har vorte dempa. Kanskje det no er på tide og ta den fram og bruke viljeskrafta di, og kanskje er du mykje sterkare enn du trur ? Som vaksen er det du sjølv som må hente den fram. Kanskje trening kan hjelpe, ein eller annan form for fysisk aktivitet. Eller kle deg i raude klede.

Så tenk over det i denne perioda, korleis brukar du din viljestyrke og har du ein sunn aggresjon. Kanskje møter du situasjonar i denne perioda der du vert pressa til å stå meir opp for deg sjølv. Det handlar om å balansere ut og romme meir av ditt eige sinne.

Mars går retrograd i Krepsen og Løva sitt teikn. Ta den plassen du skal og kjenn at sinnet ikkje går innover i deg sjølv. Kjenn at du har god kontakt med kroppen din. Sjølv stengte eg av i mange år mellom hovud og kropp. Hovudet og viljeskrafta var sterk, men eg lytta ikkje til resten av kroppen. Kanskje Mars pressar på no og ynskjer meir plass, slik at du kan stå opp for deg sjølv som den unike personen du er. Eller kanskje du er ein person som skal roe ned.

Uansett, overaktivert eller undertrykt, ta vare på deg !🥰

www.anne-kari-anderdal.com

Haustjamdøger 22.september 2024Sundag 22.september vinkar sommaren farvel og vi bevegar oss inn i hausten, om vi vil det...
21/09/2024

Haustjamdøger 22.september 2024

Sundag 22.september vinkar sommaren farvel og vi bevegar oss inn i hausten, om vi vil det eller ei. Natt og dag er like lange. Dagane vert no kortare og kveldane og nettene lengre. Sommar vert til haust.
Sola bevegar seg frå Jomfruen til Vekten sitt teikn på denne dagen. Vi søker balanse i oss sjølve, medan vi no skiftar til meir fokus innover. Naturen gjer meir og meir slepp på fargar og vekster og går til meir ro. Vi bevegar oss meir inn i hus og inn i oss sjølve. Det er tid for ullteppe og ei reflektering over alt vi har opplevd denne sommaren. Gleder vi har opplevd, vennskap vi har bygd, plassar vi har sett og alt vi har vore ein del av.

Det er rart med desse fire solverva, kva dei gjer med oss. Solverva skapar årstidene . Når vårjamdøger er her lengtar vi ut til sola og lyset, til å plante og dyrke og vera meir sosiale. På sommarsolverv er vi i full blomstring og kosar oss med alt som skjer rundt oss. Når hausten kjem kjenner i alle fall eg på at eg er lei av å slå plen, vatne og vera aktiv ute. Det er som ein lengtar til meir ro og stille tid. Til stearinlys, strikketøy, lesing og kos. Til vintersolverv i desember, der vi kjenner at det er godt at sola snur og vi går mot lysare tider att.

Kjenner du på slike skifte i deg sjølv ? Vi er heldig som bur her i Norge og har fire ulike årstider.

Det har vore lite aktivitet på meg her på denne sida og i astrologien, men alt har sin tid. Nokre gonger skjer berre livet og ein må sortere og finne ut av kva ein skal prioritere. Men meir stilletid, meir innetid og haust, er meir astrologi ! Så ynskjer du ei tolking eller ei samtale, ta gjerne kontakt !

Her i Hallingdal har sommaren verkeleg vore på besøk nokre dagar no og naturen og fjellet har ropt meg ut. Deler nokre bilder her. Naturen gjer ro og ein lading for kropp og sjel på slike dagar. Det er jording, sortering og ro.

www.anne-kari-anderdal.com

I dag har vi årets lysaste dag 🌞 Sommaren kan starte 🧡🌞Sola er på sitt høgaste i dag 🌞♋️Samstundes går Sola inn i Krepse...
20/06/2024

I dag har vi årets lysaste dag 🌞 Sommaren kan starte 🧡🌞

Sola er på sitt høgaste i dag 🌞
♋️Samstundes går Sola inn i Krepsen sitt teikn. Tid for å nyte og føle .
Om du sit ved eit stille vatn og lyttar innover, kjenner etter korleis du har det, då er du i Krepsen sin energi

Kos deg og nyt sommaren og livet. 🧡🔥🌞🥰

www.anne-kari-anderdal.com

🌞🌼🧡SOMMARSOLVERV ☀️🔥🌞🧡Årets lengste dag er her. 20.juni kl 22.50 snur sola, sjølv om vi feirar midtsommar 23.juni.🧡Sidan...
19/06/2024

🌞🌼🧡SOMMARSOLVERV ☀️🔥🌞

🧡Årets lengste dag er her. 20.juni kl 22.50 snur sola, sjølv om vi feirar midtsommar 23.juni.

🧡Sidan vintersolverv har sola stadig krabba høgare opp på himmelen, og 20.juni kan det sjå ut som den står stille.

🧡Sola går inn i Krepsen sitt teikn på sommarsolverv, akkurat som den gjekk inn i det motsette teiknet Steinbukken på vintersolverv. Dette er kardinale teikn dvs ledande teikn. Dette fordi alle desse fire kardinale teikna, startar nye sesongar. Krepsen (vannteikn) startar sommarsolverv, Steinbukken (jordteikn) startar vintersolverv, Væren (ildteikn) startar vårjamdøger og Vekten (luftteikn) startar haustjamdøgn.

♋️Krepsen er følsom og ein god menneskekjennar. Krepsen er sensitiv med sterk omsorgsevne, kreativ og sjølvstendig. Krepseenergien er sommar, familie, tilhørighet, mor og barn, fred og ro. Om du set deg stille ned ved ein lite tjern og berre kjenner korleis du har det, så er du i Krepseenergien. Ta inn, føle, kjenne kva ting gjer med deg. Kva er godt for deg og kva trivst du med. Om det blir for skummelt eller for vanskeleg, er det berre å krype inn i krepseskalet og koma ut att når det kjennes trygt.🥰

♋️22.juni er det Krepsen sin fullmåne. Då står Sola i Krepsen sitt teikn og lyser opp Månen i Steinbukken. Det er familie og røtter. Det er barn - vaksen.

🧡🌞Ta inn sola, lyset og nyt den lysaste tida !🔥🌞🧡

www.anne-kari-anderdal.com

🌼Er du i dalen i juli og ynskjer horoskopet ditt, eller vil ha ein time, ta kontakt ! Frammøte eller via telefon.🧡

Nokre gonger skjer berre livet 🌼💚Det ein har planlagt og tenkt å jobbe med stoppar berre opp fordi andre ting pressar se...
05/06/2024

Nokre gonger skjer berre livet 🌼

💚Det ein har planlagt og tenkt å jobbe med stoppar berre opp fordi andre ting pressar seg på. Det kan vera frustrerande og slitsamt i lang tid, men veldig godt når ein er gjennom ein slik prosess. Då ser ein kva lærdom ein skulle ta med seg, som troll i eske, så kjem ein til eit nytt nivå. Ein ny forståelse av livet og kvifor ting har vorte som det er. Sårt, vanskeleg og einsamt med slike prosessar. Men kor fint det er å bli møtt av andre, og andre terapeutar, som evnar å sjå, evnar å gje støtte. Har empati til deg, men utan å tråkke over. Det å vite at det er nokon der når livet røyner på.

💚Vi treng alle slik støtte iblant. Våge finne den som lyttar, som klarar vera der om ein vil sleppe nokon inn. Eg er evig takknemleg for min terapeut ! Desse siste månadene har gjett meg ei stor forklaring på mitt liv ! Veldig takknemleg og glad for at eg er ute i sola att, med ein større visdom i hjartet.

💚🧡💜💚🧡💜💚🧡💜

🧡Sjølv lever eg eitt liv med kronisk kreft, som kan vera ein veldig einsam veg. Men då er det fint med foreningar der ein kan møte likesinna. I april var eg i Bergen på landssamling for CarciNor og takka ja til å gå inn i hovedstyret. Det er veldig fint ! Eg kom heim og tenkte på kor alle har lagt av seg sin maske og er ekte på ei slik samling. Vi er alle i same båt, vi har alle same diagnose, sjølv om det artar seg ulikt. Alikevel er det trygt og fint og få vera med ein slik godhet av folk. Alt er greit, alt vert respektert. Ein kan vera seg sjølv fult og heilt. Liv og død, sorg og sinne, glede og latter, hand i hand. Det er som om ein er på ein eigen klode med likesinna ei slik helg.

🧡Tenk om samfunnet ellers berre kunne vera slik ? At vi vågar kaste maska og berre får lov til å vera den vi er til ei kvar tid. Utan dømming, utan mange råd, utan ekskludering. Berre respektere at vi alle har vår bagasje og at vi alle slit med vårt. Våge vera ekte og stole på at livet vil oss godt. For det er mykje fint der ute, det er mange hyggeleg folk ! Det er mange som vil oss vel ! Det er dei du skal bruke energi på!

♊️Dette er mine ord til deg på Nymånen i morgo 6.juni i det sosiale tegnet Tvillingen. Møte likesinna, prate med folk, berre vera deg ! I kvardagen, lett og ledig. Kikk på naboen og dei rundt deg, kanskje alle har nok med sitt egentleg ? Alle har ein lengsel etter å få vera ein del av fellesskapet. Bli godteke ! Bakom maska er den ekte personen ! Men ein må våge kaste maska for at andre kan sjå kven ein er, og det kan vera skummelt i vårt samfunn som har så mange krav.

❤️God Nymåne !

Maska vår er Ascendanten vår, det er den folk ser gjerne som fyrsteinntrykk. Kven er du når du let maska falle ? Vågar du ?

Kjære deg, ta kontakt om du ynskjer ei samtale eller tolking ! 🥰

www.anne-kari-anderdal.com

TYREN OG VENUS ♉️💖Sola står no i Tyren sitt teikn. Tyren er eit fast jordteikn og er eit feminint teikn. Det er tid for ...
29/04/2024

TYREN OG VENUS ♉️💖

Sola står no i Tyren sitt teikn. Tyren er eit fast jordteikn og er eit feminint teikn. Det er tid for å roe ned og vera i kontakt med moder jord og kroppen.
I Væren sitt teikn spirar det, frøet og sædcella finn grobotn. I Tyren skal dette verta til ein fysisk form. Livet ynskjer å uttrykke seg att , i og gjennom fysiske former. Det veks og gror og treet som er symbol for Tyren kjem med nye skudd. Men det tek den tida det tek. Det er avhengig av sol og varme og god næring for å vekse og trivast. Det har ingen hast i dette jorteiknet, berre det gror fram, sakte, men sikkert og får godt stell.

Det same er det med oss menneske. Tyren representerar vår kropp som treng stell, som treng god næring og som treng merksemd for å trivast. Tyren likar og nyte livet og kan ofte vera veldig oppteke av det materielle, den ytre verkelegheiten. Hus, bil, hytte og masse god mat og drikke. Tyren kan fort verta veldig materialistisk og skal lære gje slepp på alt den ikkje treng, alt som ikkje er bra for dei.
Venus herskar i Tyren og Vekten sitt teikn. I Tyren handlar det om det indre aspektet, det forholdet du har til deg sjølv. I Vekten handlar Venus om det forholdet du har til andre. Dette heng på ein måte saman. Skal du ha eit god forhold til partner treng du ha eit godt og solid forhold til deg sjølv også.

💖Venus går i dag 29.4 inn i Tyren sitt teikn og skal vera der til 24.mai. Kva forhold har du til din kropp ? Tek du godt vare på den.

Mange brukar våren til faste eller renselse og mange er i gang med å gå tur i vårsola eller lyse kveldar. Tyren er knytt til alle sansane våre og er ofte veldig kreativ og skapande. Når du går tur no så er det fint og ikkje haste av stad, men lytte til fuglane, sjå korleis det spirer og kjenne lukta av vår. Tyren er eit jordteikn som har god tid og som fint klarar seg aleine .

I våre dagar der mykje i samfunnet handlar om å prestere og yte, er det lett og ikkje prioritere denne kroppen vi har fått og som er så viktig for at vi skal kunne yte lenge.
Tyren vil ha tryggleik og ro og stabilitet. Når Tyren ikkje vender seg mot den ytre verda, vender han seg inn mot sjela for å finne sine indre verdiar. Tyren har mykje vilje til å skape det livet han ynskjer og som har ein verdi.

Det er fin tid for å unne seg massasje og ta eit varmt bad. Kroppen treng stell etter ein lang vinter, akkurat som hagen. Stell godt med deg sjølv ! Det har du fortent.🥰 Nyt 🥰

Bildet under er av Venus. Gudinna for kjærlighet, skjønnhet og fruktbarhet.

Ta gjerne kontakt for tolking av horoskop, eller time for samtale 🌼

www.anne-kari-anderdal.com

08/04/2024

🌼Ynskjer du bli litt meir kjent med deg sjølv via fødselshoroskopet ?

🌼Kanskje er du ein ungdom som er i startfasen av noko ?

🌼Har du fått horoskopet før, men treng litt samtale eller fordjuping rundt enkelte tema ?

🌹Fødselshoroskopet er eit godt grunnlag for samtale og sjølvutvikling

Ta gjerne kontakt !
Time via oppmøte eller telefon.

🌱Fødselshoroskop 🌱Samtale 🌱 Reading

Mail: akanderdal@gmail.com
Tlf. 41500280

www.anne-kari-anderdal.com

-Djup og personleg tolking av ditt fødselshoroskop.
-Reading-Samtale
-Terapeutisk time

🌱VÅRJAMDØGER 🌱🌷🌱Onsdag 20.mars kl 4.06 går Sola inn i Væren sitt teikn. Vi seier farvel til Fisken som er siste teiknet ...
19/03/2024

🌱VÅRJAMDØGER 🌱🌷

🌱Onsdag 20.mars kl 4.06 går Sola inn i Væren sitt teikn. Vi seier farvel til Fisken som er siste teiknet i zodiaken. Det er astrologisk nytt år. Astrologiåret fylgjer ikkje den gregorianske kalenderen, men startar på vårjamdøgn. Når naturen er klar for ein ny syklus, ein ny runde med sola. På vårjamdøgn, der natt og dag er like lange, eller jamne med at dei er 12 timar kvar, kan vi vinke farvel til vinteren. Vi kan ynskje våren velkomen. Dagane vert lengre heilt fram til Sommarsolkverv 20.juni.

🌱Alle tegn som startar nye syklusar, eller nye sesongar, kallast kardinale teikn. Det er Væren på vårjamdøgn, Krepsen på Sommarsolverv, Vekten på haustjamdøger og Steinbukken på Vintersolverv. Alle desse fire teikna har ledande kvalitetar. Dei er igangsetjerar, pågåande og ambisøse. Dei inspirerar og dreg andre med seg. Ledande kvalitet betyr ikkje god leiar for andre, men at dei er gode til å leie seg sjølv. Kan jobbe sjølvstendig, er løysingsorientert og vil gjerne at det skjer noko. Ofte likar desse teikna og vera sjølvstendig i jobben sin, fri til å vera kreativ. Den negative sida for kardinale teikn er at dei vert overaktiv, rastlause og kan ikkje slappe av, og forventar at andre gjer det same.

♈️Væren er fyrste teiknet i zodiaken og er eit kardinalt ildteikn. Ildteikna vil at det skal skje noko og er god til handling. Væren har mot og vilje og kan stange seg fram om han ynskjer det. Det er som løvetann som bryt seg fram frå asfalten og står der og lyser, eller den vesle hestehoven som dukkar opp blant visne lauv og seier at no er våren her, sjølv om kuldegradene framleis råder. Det er vilje til nytt liv !

🌱Du kan og starte på ny runde no. Gjera deg klar for lyset og sola og våren. Gje slepp på vinteren og det gamle året og ta med deg lærdommen du har mestra inn i det nye. La kroppen vakne til liv litt etter litt og ta inn sol og varme. Kanskje syns du vinteren har vore lang og kald og gledar deg til å kunne ha meir utetid. Sitje i solveggen og kjenne det varmar. Vinteren går vi meir i dvale og vert meir i ro.

🌱Med Væren sitt teikn er det tid for å tenne ein gnist att, skape ein nytt liv, ein ny glød. Gjer det som gjer deg godt akkurat no. Ilden i Væren vekker oss til live att.

Og er vi heldige så kan vi sjå nordlyset her i sør på vårjevndøgn. Det er som regel meir aktivitet rundt jevndøgna.

Lag deg ein god start på våren. Det har du fortjent no 🌱🌷🥰

www.anne-kari-anderdal.com

🌙♓️NYMÅNE I FISK 10. MARS🌙♓️🌙I dag 10.mars ca kl 10, er det Nymåne i Fisken sitt teikn på 20 grader.  Fisken er teiknet ...
10/03/2024

🌙♓️NYMÅNE I FISK 10. MARS🌙♓️

🌙I dag 10.mars ca kl 10, er det Nymåne i Fisken sitt teikn på 20 grader. Fisken er teiknet for ein avslutning, som siste teiknet før vi startar på ein ny runde ved vårjamdøger, når Sola går inn i Væren sitt teikn 20.mars. Fisken sitt teikn gjer slepp på alt han ikkje treng lengre, av kjensler, handlingar eller tankar. Som ein renselse, der mange praktiserar faste på denne tida før påske.
🌱Som naturen no som gjer slepp på vinteren for å gjera seg klar for ein ny vår. Den kjem ut av sin dvale og frø og knoppar byrjar no snart og spire. Ved nymånen no kan du tenke på kva du har vore gjennom siste året på godt og vondt, og sjå kva lærdom du vil ta med deg vidare. Vi har alle vore gjennom ulike prosessar og lærdom. Du kan no ta av deg vinterhamen, litt klokare og litt meir vis enn for eitt år sidan.

🌷🌱På nymånen no 10.mars kan du setja ein intensjon på kva du ynskjer legge vekt på neste månaden. Ny start, ny moglegheit. På alle måtar ein ny start no når Væren bankar på døra snart og gjer deg meir våryr. Men ta det sakte, ikkje stange deg inn i våren og nye vanar, men la sola tine deg opp litt etter litt. Kjenn etter kva du treng no, kva som nærar deg og din kropp. Fisken sitt teikn er veldig empatisk og sensitiv, så lytt inn i kroppen din kva du treng og ikkje bli for mykje i kjenslene. Kva gjer deg god næring no når kroppen skal vekkas til liv att etter ein lang vinter ?

🌷Kva er dine draumar ? Kva drøymer du om skal skje ? Kanskje du kan setja deg ein intensjon no ut frå det.

♓️Sjølv har eg både Sol og Måne i Fisk, så dette tema kjenner eg godt. Det er lett og bli sensitiv på alt og alle, og det kan dermed bli litt mykje å fordøye. Vi skal fordøye maten vår, men vi skal og fordøye livet slik at det ikkje vert verande i kroppen. Eg har nok helde mykje, men ved god hjelp kan ein få reinsa det ut. Ved ord eller aktiv handling kan ein gje slepp på det som er vanskeleg å fordøye i Fisken. Slik at ein kan puste fritt ut, og puste inn den gode vårlufta. Fylle seg sjølv med nytt lys.

God Nymåne og god sundag.🥰

Ta gjerne kontakt for time.🌷

www.anne-kari-anderdal.com

Address


Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Astrolog Anne Kari Anderdal posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Practice

Send a message to Astrolog Anne Kari Anderdal:

  • Want your practice to be the top-listed Clinic?

Share

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram