07/05/2025
!! SALG PÅ TESTAR !!
Dette skjer ikkje så ofte! Eg må få ut ein del av varelageret mitt og tilbyr dermed desse testane for rabatterte prisar ut mai så lenge lageret held. Porto i Noreg er inkludert, og mot eit tillegg på 50,- kan eg skrive ut og legge ved tolldeklarasjonslapp/porto til USA. Du treng ikkje å ha aner i området for å kjøpe testar.
Kort forklart om kva testane er:
Y-DNA (berre menn): Alle gutar har arva Y-DNA frå faren sin, som igjen fekk det frå sin far – og slik held det fram. Med ein test av Y-DNA, spesielt den mest detaljerte typen (Big Y), kan vi følgje farslinja di heilt tilbake til Afrika for over 200.000 år sidan – med stopp ved arkeologiske funn, historiske personar og slektsgreiner som har delt seg undervegs. Det finst òg ein rimelegare test (Y37) som gir eit overblikk og som kan vere ein fin start. Big Y gjev likevel mest for pengane. Er du kvinne og vil teste farslinja di må du altså teste ein far, ein bror (med samme far som deg), ein farbror, e.l.
mtDNA (begge kjønn): Både søner og døtre arvar mitokondrie-DNA frå mora si, men berre døtrene fører dette vidare til barna sine. På den måten vil denne spore den reine morslinja bakover til til vår elles felles stammor i Afrika for over 150.000 år sidan, og sjå kvar reisa har gått frå då til no. Denne koblar seg også opp mot arkeologiske funn og historiske personar ein veit DNA-resultata frå.
Family Finder (begge kjønn): Denne gjev eit estimat av din etnisitet som du har arva frå begge foreldra dine. Dette er eit estimat og gjev ikkje eit fullgodt bilete av kva miks du er, men gjev ein god indikasjon. I tillegg får du opp alle slektningar som har testa seg i Family Tree DNA, og kor nært genetisk desse er til deg.
Bestilling skjer via VIPPS til meg på 99017158. Om du vil betale på anna vis eller lurer på noko anna, kan du sende meg ei melding på telefon eller her på Facebook. :)
Prisar:
Farslinje (Y-DNA):�Big Y: 4500,- (vanlegvis 4900,-)
Y37: 1100,- (vanlegvis 1400,-)
Morslinje (mtDNA): 1500,- (vanlegvis 1800,-)
Generell test (Family Finder): 700,- (vanlegvis 900,-)
Kombinasjonar for menn:
Y37 + Family Finder: 1700,- (vanlegvis 2300,-)
Y37 + mtDNA + Family Finder: 3000,- (vanlegvis 4100,-)
Big Y + Family Finder: 5000,- (vanlegvis 5800,-)
Big Y + mtDNA: 5600,- (vanlegvis 6700,-)
Big Y + mtDNA + Family Finder: 6300,- (vanlegvis 7600,-)
Kombinasjonar for alle:
mtDNA + Family Finder: 2000,- (vanlegvis 2700,-)
Skriftleg tolking:
500,- for ein test