12/06/2025
☀️ LIVSGLEDE☀️
Det kan være ein nesten umerkeleg overgang frå å fungere fint, til ein oppdagar at ein ikkje lenger kjenner på glede i livet sitt.
Det treng ikkje være store traumer eller utfordringar som ligg bak dette. Det kan like gjerne være summen av kvardagsstress, tankesurr og små episoder ein tenker ein «burde ha takla».
Systemet jobbar på høggir og all energi går til å henge med i dei krappe svinga e ein har laga for seg sjølv.
Sjølv om ein veit at ein «burde» være glad, og at ein «burde» sjå alt ein har å glede seg over verkar kvardagen med eitt gråare og flatare.
Med Hypnoterapi kan du bli kjent med deg sjølv på ein ny måte og få betre innsikt i kvifor du har det slik. Du får også hjelp til å endre dei mønstera som har leda deg dit, og finn vi nokre flokar i systemet så løyser vi dei undervegs.
Og så, ein dag, kanskje like umerkeleg som den forsvann, kan du oppdage at livsgleden er tilbake.
Ønsker du å opne opp for livsgleden din igjen?
Send meg ein PM, eller book ein gratis uforpliktande samtale på hypnoterapeuten.no