Voss DPS NKS Bjørkeli

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli er distriktspsykiatrisk senter for Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidjord

Sjukepleiar – 100% fast stilling på Voss DPS!Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med fokus på psykisk helse og rehabilite...
02/07/2025

Sjukepleiar – 100% fast stilling på Voss DPS!
Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med fokus på psykisk helse og rehabilitering? Vi ser etter ein trygg og engasjert sjukepleiar som vil bli ein del av vårt tverrfaglege team.
Heile annonsa kan du lese på vår heimeside, eller på finn.no
https://www.bjorkeli.no/om-oss/ledige-stillingar/ -100-fast---rehabiliteringspoliklinikken

🌙 Fast stilling som nattevakt – sjukepleiar/vernepleiar (63 %)Voss DPS NKS Bjørkeli søkjer ein engasjert og autorisert s...
26/06/2025

🌙 Fast stilling som nattevakt – sjukepleiar/vernepleiar (63 %)
Voss DPS NKS Bjørkeli søkjer ein engasjert og autorisert sjukepleiar eller vernepleiar til fast nattevaktstilling i vår døgnavdeling. Du blir del av eit fagleg sterkt og støttande team med to nattevakter på jobb samtidig – og arbeid kvar 3. helg.

🧠 Avdelinga har eit tverrfagleg behandlarteam og eit miljøpersonale med høg kompetanse innan psykisk helsearbeid og kognitiv terapi.

✨ Me tilbyr gode arbeidsvilkår, moderne lokale og eit dokumentert godt arbeidsmiljø med høve for fagleg og personleg utvikling.

📅 Søknadsfrist: 15. august 2025
📨 Send søknad og CV til: post@bjorkeli.no
📞 Kontaktperson: Anne Kari Gjeraker
🔗 Les meir og søk her: www.bjorkeli.no/om-oss/ledige-stillingar/ -fast-63

Bli med og gjer ein forskjell – saman!

Er du psykologspesialist eller psykolog og ser etter nye utfordringar? Me har ein spennande stilling ledig i eit inklude...
16/05/2025

Er du psykologspesialist eller psykolog og ser etter nye utfordringar? Me har ein spennande stilling ledig i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø 🤩

Les meir på vår nettstad 👉https://www.bjorkeli.no/om-oss/ledige-stillingar/ -100-vikariat

Er du over 18 år? Har unnvikande personlegdomsproblem vore ei utfordring for deg? Er det tungt å skapa og oppretthalde g...
27/02/2025

Er du over 18 år? Har unnvikande personlegdomsproblem vore ei utfordring for deg? Er det tungt å skapa og oppretthalde gode relasjonar sjølv om du ønskjer det? Kjenner du deg annleis og at andre ikkje forstår deg? Kjenner du deg einsam, men held deg unna ting, tar ikkje sjansar og tør ikkje å ta initiativ med andre menneske fordi du kjenner deg dømt til å mislykkast?

Svar på denne spørjeundersøkinga om korleis det er å påverka ting i livet og i terapi.

Meir informasjon om kva unnvikande personlegdomsproblem er samt lenke til undersøking finn du i kommentarfeltet

🦋10.oktober vert Verdensdagen for psykisk helse markert. På Voss DPS NKS Bjørkeli, vert dagen markert med "Bjørkeli-laga...
10/10/2024

🦋10.oktober vert Verdensdagen for psykisk helse markert.
På Voss DPS NKS Bjørkeli, vert dagen markert med "Bjørkeli-laga" kveitebollar, både med og utan rosiner. I tillegg vert det delt ut gratis stressballar, refleks m.m. (så langt lageret rekk)

Årets tema er: Me treng snakka meir saman.
Me blir alle oppmoda om å setje av 8 minutt kvar dag til å ringe eller ta kontakt med nokon du bryr deg om. Enklare enn du trur og betyr meir enn du anar.

Les meir om Verdensdagen for psykisk helse her https://www.verdensdagen.no/

Hjå oss får nattevaktene nyta synet av soloppgang over Horndalsnuten 🤩 Og no er det ledig to faste stillingar på natt, f...
27/08/2024

Hjå oss får nattevaktene nyta synet av soloppgang over Horndalsnuten 🤩 Og no er det ledig to faste stillingar på natt, for sjukepleiar/vernepleiar. For meir informasjon, sjå vår heimeside 😊

https://www.bjorkeli.no/om-oss/ledige-stillingar/ ---sjukepleiarvernepleiar

Tilsette ved Voss DPS NKS Bjørkeli, stilte i dag opp til 1 minutt stillheit på markeringa for å visa solidaritet med hel...
17/11/2023

Tilsette ved Voss DPS NKS Bjørkeli, stilte i dag opp til 1 minutt stillheit på markeringa for å visa solidaritet med helsearbeidarar i Gaza.

Marte Monrad-Hansen, LIS ved rehabiliteringspoliklinikken, har vore lokal initiativtakar til markeringa som er ein del av ei nasjonal markering på alle landas sjukehus.

"Jeg tror vi er mange som kjenner på avmakt nå. Jeg opplever at det er et bredt engasjement ift å si ifra om den uretten som begås mot sivilbefolkningen på Gaza nå. Når helsepersonell landet rundt i dag markerer gir det et tydelig signal om at vi krever respekt for medisinsk nøytralitet og umiddelbar opphør av alle angrep på helseinstitusjoner. Det er og en måte å vise solidaritet med helsepersonell som i dag jobber under umulige forhold og risikerer egne liv for sine pasienter".

N.K.S Vestland-Sør arrangerer open dag, 30.oktober kl 18:00, Park Hotell, Vossevangen, med tema: "Overgangsalderen - ber...
18/10/2023

N.K.S Vestland-Sør arrangerer open dag, 30.oktober kl 18:00, Park Hotell, Vossevangen, med tema: "Overgangsalderen - berre eit slit, eller?" Arrangementet er opent for alle og er gratis. Del gjerne invitasjonen.

I dag, 10.oktober, markerar Voss DPS NKS Bjørkeli, Verdensdagen for psykisk helse. I år er tema: "Vi trenger å høre til....
10/10/2023

I dag, 10.oktober, markerar Voss DPS NKS Bjørkeli, Verdensdagen for psykisk helse. I år er tema: "Vi trenger å høre til. " og som tar opp kampen mot utanforskap.
Alle pasientar, pårørande, samarbeidspartnarar, kollegaer og andre som er innom oss i dag, vil som vanleg bli møtt av våre flinke og hjelpsomme sekretærar, som i dag også serverer nysteikte vafler gjennom dagen.

Vil du lesa meir om Verdensdagen for psykisk helse og kva den står for, kan du besøkje deira nettstad: https://www.verdensdagen.no/

Foto: H. Kyte

Når alt kjennest håplaust, er det ikkje uvanleg å få tankar om at livet ikkje er verdt å leve. Gje nokon sjansen til å f...
19/06/2023

Når alt kjennest håplaust, er det ikkje uvanleg å få tankar om at livet ikkje er verdt å leve. Gje nokon sjansen til å forstå korleis du har det og hjelpe deg med å sjå løysingar. Sei i frå, snakk om det!

På Helsenorge.no/selvmordstanker finn du tips til korleis du kan snakke om sjølvmordstankar og kvar det finst hjelp.

Sjølvmordstankar synest ikkje Er livet ekstra tøft for tida? Når det blir for mykje å bere på,  kan ein kjenne seg fastl...
12/06/2023

Sjølvmordstankar synest ikkje
Er livet ekstra tøft for tida? Når det blir for mykje å bere på, kan ein kjenne seg fastlåst. Gje nokon sjansen til å forstå korleis du har det og hjelpe deg med å sjå løysingar. Ta grep – snakk om det!

På Helsenorge.no/selvmordstanker finn du tips til korleis du kan snakke om sjølvmordstankar og kvar det finst hjelp.

Adresse

Bjørkelivegen 27
Voss
5705

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Voss DPS NKS Bjørkeli legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Voss DPS NKS Bjørkeli:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram

Type