Alvhild Bidne- Helse og Kosthaldrettleiar.

Alvhild Bidne- Helse og Kosthaldrettleiar. Her får du info og personleg hjelp til alt innan God og vital helse, som kosthald, trening og velv? Matplan, mosjon og gode råd til kroppen din og di helsa.

Som Kosthaldrettleiar kan eg skreddarsy eit personleg program til deg som hjelper deg til bedre helsa. Eg har også ein eigen nettbutikk med Aloe Vera- baserte produkt. Her får du tips om produkt og deira bruksområder. Forever har virksomhet i over 150 land i alle verdens deler og er verdens største dyrkar, produsent og distributør av Aloe vera. Alle produkta er basert på økologisk dyrka Aloe vera frå egne plantasjar. Fordi Forever sjølv eig hele produksjonsprosessen frå plante til ferdig produkt kan dei kontrollere og garantere at kvaliteten er den beste. "I lange tider og i mange kulturar har Aloe vera vært til nytte og glede for menneskjer. Sant nok har mykje av kunnskapen om nytteplanter etter kvart gått i glømmeboka, men den begynner nå å vekkes til live igjen takket være den veksande interesse for naturlige vegar til større velvære. En kombinasjon av Aloe vera, sunn mat og mosjon kan være ein måte å oppnå litt betre balanse og meir harmoni i dagliglivet. Det høyres kanskje overdrive ut, men det er faktisk sant. Når du arbeider med Forever, utviklar du deg ved å møte nye, spennende utfordringar og karriere muligheiter. Dessutan får du et rikare sosialt liv når du får være med på eksklusive evenement og reiser saman med venner, kundar og andre forhandlarar. Det dreier seg ganske enkelt om en annen måte å leve på. Vi ville aldri komme dit vi er i dag, viss det ikkje var for alle engasjerte, entusiastiske og flinke forhandlarar som kvar dag lever Forever. Våg å ta skrittet. Det kan forandre livet ditt."

Hausten er fin når ein kan sjekka om vårens aktivitet har vore nyttig.Kortreist og økologiske gullerøtter frå hagen smak...
10/09/2025

Hausten er fin når ein kan sjekka om vårens aktivitet har vore nyttig.
Kortreist og økologiske gullerøtter frå hagen smakar fantastisk.
Aller best rå, men rullar du dei litt i ei god olivenolja og dryssar over litt maldonsalt, då smakar dei ekstra nyyyydeleg!

A- vitamin i gullerot treng fett for å verta nyttegjort i kroppen, så steik dei i olja eller smør, eller lag ein dipp av majones, ekta Røros el støls-rømme og litt krydder/ urter 👌

Hausten er fin til gryte- og suppe tid. Kanskje du har ein liten avling med grønsaker og urter, som sjølvsagt vert mogne...
28/08/2025

Hausten er fin til gryte- og suppe tid.
Kanskje du har ein liten avling med grønsaker og urter, som sjølvsagt vert mogne på samme tid...då kan du fint laga opp mykje gode rettar og ha i frysen 😋👌

Heimalaga Tomatsuppe er tusen gongar bedre og næringsrik enn pulversuppe...og såååå enkelt at alle kan klara da.
Får du restar? Då smeller du oppi litt spisskummen og koriander, så tek du restane av tacokjøttdeigen, og vipps så har du tacosuppe som du servera med reven ost, mais, rømme, salsa og litt tacochips 😉 👍

Tomatsuppe inspirert av Gladkokken lagar du slik:
12 tomatar
2 stangselleri
2 gullerot
1 gul løk
4 redd kvitløk
1 chili
1 spisspaprika
1 ss tomatpurre
1 ss balsamico eddik
1 ts sukker
2 ts oregano
2 ts basilikum , brukar du fersk, så bruk litt meir.
1 ss rømme (el litt kokosmelk med ein skvis sitron.)
1 liter kraft, grønsaksbulljong funkar og.
Olivenolje til steiking
Salt og pepper.

Set steikeovnen på 240gr.
Del tomatane i to og legg dei i ildfast form med litt olivenolje oppå. Bak dei midt i ovnen i 20min.
Del opp alle grønnsaker og surr dei i ei gryta med litt olivenolje. Eg likar å surra løken litt fyrst, ca 3 min, før eg tek oppi dei andre grønnsakene.
Surr i ca 5 min under omrøring på middels varme.
Ta i tomatpurre, sukker og krydder, surr ca 1 min.
Så tek du oppi balsamico eddik og rører rundt.
Tilset kraft og kok i 15 min.

Ha tomatar og olja frå forma oppi gryta, litt rømme eller kokosmelk med safta av 1 sitron (den treng du ikkje om du har rømme) og stavmiks til ein jamn suppe.
Smak til med salt og pepper. Evt litt kajenne pepper om du vil ha den meir spicy 👌

Servera med kokte egg, revet parmasan og rista brød.
Eg hadde latmannsloff (les: veggen spelt frå hatting) som eg delte i to og steikte med smørsida ned i steikepanna med stølssmør frå nabogarden på Bidne, deiras urtesmør 👌

Ellers vil eg anbefala osteskiver som Gladkokken lagar i sin tomatsuppe video 😋 legg ved link i kommentarfeltet.

🍂🍁 God suppehaust 🍁🍂

Nokon gonger når ein prøver å finna opp geniale oppskrifter, går det heilt skeis, og andre gonger berre halvvegs skeis 😅...
25/07/2025

Nokon gonger når ein prøver å finna opp geniale oppskrifter, går det heilt skeis, og andre gonger berre halvvegs skeis 😅🙈😅

I dag var ein slik dag med halvvegs skeis...der resultatet til slutt smaka bra, sjølv om utsjånade ikkje er noko å skryta av 🤣
Men erfaringa seier at det går ann å laga makronar utan egg og mjølk (og gluten, som dei normalt er fri frå) av kikert-lake, melis og mandelmjøl.
Med salt karamellkrem 😋👍

Og protein urte -rundstykker av kikertene, resten av laken, glutenfritt mjøl, frø, urter, salt og olivenolja.

Berre hugs å ikkje ha makronane for tett på brettet, då dei kan få ein interessang form 😅

Oppskrifter kjem kanskje seinare, når eg har fått kvalitets- sjekka dei og målt nøyaktig opp alle ingrediensane.
Åssso mååå eg testa om det går ann å laga snickerskaka av samme prinsipp som makronane 😉 Gjev meg ikkje so lett💪☺️

RABARBRA Testar samme trikset som når eg lagar plommegløgg... eller plommesaft: Etter å ha kokt rabarbraen og silt av, k...
27/06/2025

RABARBRA

Testar samme trikset som når eg lagar plommegløgg... eller plommesaft:

Etter å ha kokt rabarbraen og silt av, kokar eg safta med sukker og vaniljestang til saft/limonade, har i litt sitronsaft og har over på flasker.
Rabarbra avfallet som er silt ifrå, kokar eg opp igjen med eplebitar, vaniljestang, litt av safta eller rå eplejucie og rårørsukker til eplene kunne mosast.
Rører inn 2ts saft frå ein sitron og har over på t***e sterileserte glas.
Avkjøl på benken og set i kjøleskap.

Sylta smakar perfekt på ost som brie, berre på smørskiva eller på bananskiva.
Kan og brukast som dessert til is el med vaniljesaus på.

Rabarbrasafta kan blandast med vatn som vanleg, eller farris/sodastream, eller kanskje litt gin og prosecco til ein god sommardrink🍷

Slik vart det til:
2kg rabarbra i 2cm bitar
2 l vatn
1/2- 1 vaniljestang, skrap ut frø
Kok opp og la koka i 15 min til rabarbraen løyser seg litt opp.
Sil av i klede og ha safta tilbake i kjele.
Tilsett 350-400g sukker og kok opp på ny medan du rører så sukkeret løyser seg opp. Ca.10min.
Tilsett ca 2 ts sitronsaft.
Vil du laga limonade brukar du 450g sukker og kokar til den tjuknar litt.

Ha over på flasker og avkjøl på benk.

Ta avfallet og kok opp med 2dl rå eplejucie/ saft frå 1-2 appelsiner, eller litt av rabarbra safta...
trur eg hadde ca 200g rårørsukker, men her må du ta i litt og litt og smaka deg fram. Kan bruka vanleg sukker og.
1 eple i terningar, helst økologisk med skalet på. Eple inneheldt peptin, som er med å fortjuknar syltetøyet, og når det er så lite veska, treng ein ikkje noko anna tilsett.
Sitronsafta virkar som konserveringsmiddel.
Kok til du kan mosa eple. Ha på glas, avkjøl på benk.

Ingenting går til spille, ingen tilsetningsstoff, kun reine råvarer frå naturen 🌱 Nyyyt 🍷

Kvinneblomst nr 1 🍀 RAUDKØVER 🍀Sank dei no, klyppa av blomen, legg til turk på eit brett med tørkepapir, evt i urteturka...
26/06/2025

Kvinneblomst nr 1 🍀 RAUDKØVER 🍀
Sank dei no, klyppa av blomen, legg til turk på eit brett med tørkepapir, evt i urteturkar. Når dei er turka plukkar du av dei raude kronblada og oppbevara dei i papirpose el på glas, men myrkt. Bruk det som te eller eit dryss over salaten...

Litt frå læraren min Rolv dine urtesider, Urtekilden:

URTENS EGENSKAPER OG VIRKNING
Blodrensende, oppmyknende på hud og kjertler, slimløsende, krampeløsende, nærende, avslappende, betennelseshemmende, urindrivende, febernedsettende og krefthemmende. Rødkløver er dessuten et fytoøstrogen som kan virke hormonbalanserende i overgangsalderen

Meir info om Raudkløver finn du på rolv.no:

https://www.rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/trif_pra.htm

Morro å laga salatar med urter og salat frå eigen hage. Fin måte å få brukt restar frå kjøleskapet.Idag vart det salat m...
25/06/2025

Morro å laga salatar med urter og salat frå eigen hage. Fin måte å få brukt restar frå kjøleskapet.

Idag vart det salat med rukkola og anna salat frå hagen,
Økologisk Spisskål, eple, agurk, paprika og tomat frå butikkhyllene.
Peppermynte, sitrontimian, rosemarin, oregano, sitronmelisse, grassløk, raudkløver og basillikum frå urtespiralen i hagen...det er eit smart triks å ha når ein bur på 500moh ☺️🌞 varme frå steinane hjelper på høgfjells- klima 😉👍
Dressingen vart laga av den dyre, men verkeleg den beste olivenolja eg får tak i på Voss, Helstøm si 👌
Har den oppi eit lite glas med lokk til...
10 g olivenolje
5 g sitronsaft (ca saft frå 1 båt)
5 g dijonsennep
Himalayasalt og kverna pepper
Kan ha 5 g lønnesirup, men når eg har epler el druer i salaten, treng eg ikkje meir sødme.
Set på lokk og rist godt.
Ha over dei finhakka salat-typane og urtene, og vend godt om, før du tek oppi resten som du vil ha. Bland lett til slutt.

Pynt med Dag og Natt, Raudkløver, Løvetann, Ringblomst, Grassløkblomst eller anna etandes blomst.

NB. Litt tekst på bildene.

Nokon gonger er det vanskeleg å få ta i fersk fisk, ivertfall når ein handlar lokalt på Joker'n 😅 Då vert frosen fisk nø...
11/06/2025

Nokon gonger er det vanskeleg å få ta i fersk fisk, ivertfall når ein handlar lokalt på Joker'n 😅
Då vert frosen fisk nødløysinga, og i dag var det Lettsalta Brosme med eplesalat, karrisaus og grønsaker. Karrisaus kan også nyttast til kylling, så då har du restane til neste dag middag ☺️👍

Brosma:
Set ovnen på 180g.
Ta skinnet av fisken, og fjern bein.
Tørk fisken og legg i ildfast form.
Ringla over litt olivenolja, og kvernar pepper.
Bak fisken i ovnen i 15min.

Eplesalat:
1-2ss Creme fraiche
1/2 ts Helios Karri , bland ilag.
1 eple i små terningar
1/2 raud løk i små terningar
Bland alt.

Karrisaus:
3dl fløyte/gryr matfløyel
1boks TINE kremost afrikansk paprika
3 - 5 ss ketchup
1 ss Helios Karri
2 ts Helios Paprika krydder
2 ts Sambal oelek /1 finhakka chili
1 ts Helios sitronpepper/ saft av 1 sitronbåt
Salt, og evt litt pepper.
Ha alt i ei gryta og kok opp under omrøring.

Inflammasjon i kroppen?"Trøytt i hove"Lag vidunderhonning og ta 1ts pr dag. Kan blandast i varm mjølk, te eller nytast r...
02/06/2025

Inflammasjon i kroppen?
"Trøytt i hove"
Lag vidunderhonning og ta 1ts pr dag.
Kan blandast i varm mjølk, te eller nytast rå!

7ss rå honning
1ss økologisk Ingefær
1ss økologisk Gurkemeie
+ Ca5 korn økologisk heil, men knust el nykverna pepper.

Bland godt, og oppbevar i tett glas på kjøkkenbenken så du hugsar å ta ein dose kvar dag ☺️

SANKEDAG av GRANSKUDD...og fann inni granskogen mykje 😅 1kg vart til granskuddlikør, granskudd sirup/dessertsaus, gransk...
31/05/2025

SANKEDAG av GRANSKUDD...og fann inni granskogen mykje 😅
1kg vart til granskuddlikør, granskudd sirup/dessertsaus, granskuddsalt og granskudd- og basillikum pesto.
Granskudd er kanskje vel langt komme i låglandet, men her på Oppheim er dei perfekt no.
Granskudd er dei ljosegrøne nye skudda ytterst på greina. Plukk litt av kvart tre, skyll i kaldt vatn og legg dei på brett med tørkepapir slik at dei tørkar litt før du brukar dei.
Kan frysast og brukast seinare.

🌱 GRANSKUDDLIKØR:
6dl Granskudd
4dl sukker, rist litt på glaset, så sukkeret kjem nedi mellom skudda, eller legg lagvis.
5dl Absolutt Vodka
1 skiva økologisk sitron
Evt litt andre urter som rosemarin, sitrontiminan, nellikspiker og stjerneanis.

Ha alt i eit norgesglas med tett lokk. La stå på kjøkkenbenken og vend den kvar dag i 4 veker så sukkeret løyser seg. La stå i 6veker, sil av og ha på t***e flasker. God haustdram....eller tynn ut ein shot med halvt om halvt vatn til hostemikstur for vaksne.

🌱 GRANSKUDDSALT:
200g granskudd
100g uraffinert hav- el bergsalt

Mos med stavmikser eller blender til graut, smør den ut på bakepapir og turk i ovnen på varmluft 50grader med litt glutt på døra til det er turt. Avkjølt og sikt det gjennom ei sil, så grove partiklar ikkje kjem med. Ha på luftt***e boksar el myrke glas.
Bruk på fisk, vilt, kylling og i eggerettar.

🌱 GRANSKUDD- og BASILLIKUM PESTO:
300 g granskudd
Ein neve basillikum
80 g rista pinjekjerner
200 g revet parmesanost
3 fedd kvitløk
3 dl olivenolje
saft av ein sitron
Ca 2ts Maldon salt
1/2 ts kajennepepper
pepper

Ha alt i ein bolle å miks alt til ein fin pesto med stavmikser. Smak til med pepper, krydder som dill, estragon eller persille.
God på fisk, vilt, kylling, som saus på båndspagetti med laks eller bacon, og å smyrja på kvitløksbrød med finhakka tomater. Eller bland i rømme og få dip til chipsen eller pizzasaus...

🌱 GRANSKUDDSIRUP el dessertsaus:
5 dl granskudd
7,5 dl vann

Kok opp, og kok på middels varme i 30min. Sil av og mål opp safta.

Bruk ca. 3-4 dl sukker eller 3del saft og 2del sukker, ein skvis sitronsaft/ saft frå ein sitronbåt og 1/2 vaniljestang el 1/2 ts vanilje pulver.
Kok på middels varme til den tjuknar og vert raudleg på farge.
Vil du ha sirup kokar du til den vert seig, eller du kan gje deg litt før, når den har tjukna, og få dessertsaus til is, rabarbrapai eller på jordbær.
Ha på flasker, avkjøl og oppbevar i kjøleskåp.

🌱 GRANSKUDD TE:
Legg 5dl granskudd, 1 skive økologisk sitron i 1 liter vatn over natta, kok opp, sil av og rør inn 1-2ss rå honning.
Drikk varm eller avkjøl og set i kjøleskap til iste.

Les om Granskuddas mange eigenskapar: https://www.rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/pice_abi.htm

GLUTENFRIE RUSTIKK RUNDSTYKKER m.SURDEIG 🇧🇻Eltefri og lett baking til søndagsfrukosten eller 17mai frukosten?PRØV DESSE:...
04/05/2025

GLUTENFRIE RUSTIKK RUNDSTYKKER m.SURDEIG 🇧🇻

Eltefri og lett baking til søndagsfrukosten eller 17mai frukosten?
PRØV DESSE:

🔥 LAG DEIGEN DAGEN FØR!

Blanda 350g vatn med 1ss fiberhusk til litt slimete konsistens.
Rør inn 100g surdeigstartar, el 2ts gjær.
Rør inn 1ss lønnesirup el honning,
og 2ts salt.
Rør inn mjølet:
1dl bokhvete
1dl knust linfrø/ linfrømel
1dl havrefiber/havregryn
2dl lys glutenfri mjølblanding/ jyttemel
Bland inn 2ss olivenolje

(Om du ikkje treng å laga glutenfritt, kan du bruka 5dl valgfritt mjøl, td. 3dl Spelt/ Landhvete, 1dl havregryn og 1dl rug/bygg + litt meir vatn..ca. 380g.)

Deigen er skal vera litt klissete.
Dekk til bollen og hev i romtemperatur til kvelden.
Hevar ikkje veldig mykje, men vert luftige når dei kjem i ovnen.
Set passe store rundstykker på brett med skei, på bakeark, kvelv over langpanna som lokk og hev vidare i kjøleskap.
Eg laga 8 rundstykker av denna deigen.
Set brettet i kald ovn neste morgon og set på ovnen på 225g varmluft, gjerne med damp om du har.
Still klokka på 25-30min og sjekk undersida på rundstykket ved å banke på...hul lyd = ferdig 👍
Avkjøl litt på rist før du deler dei.

Lukke til og god mai🌼 🇧🇻🌞

Internasjonal vaffeldag 🥳 Og ja, det går heilt fint å laga vaffelrøra utan egg, mjølk og gluten...næringsrike og mettand...
25/03/2025

Internasjonal vaffeldag 🥳

Og ja, det går heilt fint å laga vaffelrøra utan egg, mjølk og gluten...næringsrike og mettande.
Idag testa eg Berit Nordstrand sine proteinvafler, som var knallgode.
Eg brukte Eldorado sine økologiske kikerter, heile boksen med lake, og litt meir kokosmelk, ca1,5dl og litt vatn, ellers samme oppskrift :

https://www.gothealthylife.no/proteinvafler?fbclid=IwY2xjawJPOelleHRuA2FlbQIxMAABHZ4ZtFN4Di0zTXijdp3sf6tVRmMp0C90WnYupyGCiwmP6TIuFIrCPAPmww_aem_KDP5dEpG-4td-ANeuKp4sQ

Disse vaflene kan nytes med chia- og bringebærsyltetøy, friske bær, honning eller nøtter. Du kan også kutte ut kanel og kardemomme og servere dem med spekeskinke, geitost og pesto i matpakka eller til lunsj.

Tarm er eit spennande univers å arbeida med. Kvar dag møter ein nye mennesker med problem som stammar frå tarmhelsa. Det...
27/02/2025

Tarm er eit spennande univers å arbeida med. Kvar dag møter ein nye mennesker med problem som stammar frå tarmhelsa. Det hjelper ikkje å berre starta med probiotisk- tilskudd, ein må rydda opp, før ein kan "innreda" på nytt.

https://vof.no/gros-sonn-er-ikke-autistisk-mer-svarene-la-i-tarmen?fbclid=IwY2xjawItHgNleHRuA2FlbQIxMQABHW5r3NYi7dyRYXPwZhbCX-Fz6WcVI1KRbogSsMpHdnklmqqoBqckNDalBQ_aem_2cC6MlOqzh33KRrGnTc1dg

Sønnen var autistisk: – Å få Tim frisk, det kostet meg litt mer enn jeg hadde. Nå må erfaringen og kunnskapen deles, sier Gro Raugland..

Adresse

Bidnesvegen 246
Vossestrand
5713

Åpningstider

Mandag 09:00 - 16:30
Tirsdag 09:00 - 16:30
Onsdag 09:00 - 16:30
Torsdag 09:00 - 16:30
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

99510669

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Alvhild Bidne- Helse og Kosthaldrettleiar. legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram

Our Story

Hjå meg får du hjelp til å starta di eiga bedrift innan nettverk marketing, eller du kan få tips om Aloe vera baserte helse- og velvære produkt og deira bruksområder.

Firma eg arbeider med heiter Forever Living, og eg har arbeidt med dette flotte selskapet sidan 2009: Forever har virksomhet i over 150 land i alle verdens deler og er verdens største dyrkar, produsent og distributør av Aloe vera. Alle produkta er basert på økologisk dyrka Aloe vera frå egne plantasjar. Fordi Forever sjølv eig hele produksjonsprosessen frå plante til ferdig produkt kan dei kontrollere og garantere at kvaliteten er den beste. Det ligger i tida å ta ansvar for sin egen helse. Stadig fleire interesserer seg for naturlige alternativa, og da gjerne økologiske. Vi er i dag Skandinavias største direktesals føretak innan helse- og hudpleie produkter basert på Aloe vera. I lange tider og i mange kulturar har Aloe vera vært til nytte og glede for menneskjer. Sant nok har mykje av kunnskapen om nytteplanter etter kvart gått i glømmeboka, men den begynner nå å vekkes til live igjen takket være den veksande interesse for naturlige vegar til større velvære. En kombinasjon av Aloe vera, sunn mat og mosjon kan være ein måte å oppnå litt betre balanse og meir harmoni i dagliglivet. Det høyres kanskje overdrive ut, men det er faktisk sant. Når du arbeider med Forever, utviklar du deg ved å møte nye, spennende utfordringar og karriere muligheiter. Dessutan får du et rikare sosialt liv når du får være med på eksklusive evenement og reiser saman med venner, kundar og andre forhandlarar. Det dreier seg ganske enkelt om en annen måte å leve på. Vi ville aldri komme dit vi er i dag, viss det ikkje var for alle engasjerte, entusiastiske og flinke forhandlarar som kvar dag lever Forever. Våg å ta skrittet. Det kan forandre livet ditt.